🏠 Forside § Lover 📜 Forskrifter 💼 Bransjeforskrifter 📰 Lovtidend 🏛 Stortingsvoteringer Domstoler 🇪🇺 EU/EØS 📄 Siste endringer 📚 Rettsomrader 📊 Statistikk 🔍 Avansert sok Hjelp
Hjem / Horinger / Horing / Horingssvar
Regjeringen
Til horingen: Høring – forslag til lov om forbud mot hold av pelsdyr

Bjørg og Atle Hauge

Departement: Familiedepartementet 1 seksjoner
Høringsuttalelse i pelsdyrsaken fra Bjørg og Atle Hauge .

Minkproduksjon har vore hovedproduksjon her på garden siden 2005. I 2005 slutta Atle i jobb utenom garden for å driva fulltid på garden saman med Bjørg. I tillegg til mink har me 7500 frittgåande høner.

Det kom svært overraskande at pelsdyr skulle fasast ut, særleg sidan det i 2017 vart vedtatt berekraftig utvikling.

I vår kommune har me 4 pelsdyrfarmar desse er alle på bruk med små arealressurser, og det er difor vanskeleg å finna alternativ landbruksrelatert produksjon.

Me er over 60 år og ikkje lenger attraktive i arbeidslivet utanom garden. Me måtte difor sjå oss om etter ei ny tilleggsnæring. Me valgte då epleproduksjon, sidan det er eit godt miljø, både fagleg og geografisk for det her. Me valgte og å redusera pelsdyrdrifta til eit minimum allerede nå sidan framtidsutsiktene er borte. (Fra 800 tisper til 100 tisper). Dette for å få tid til å etablera epleproduksjon. Aller helst ville me slutta heilt, men forslaget til avvikling gir ikkje mulighet til det. Noko som vi tykkjer er svært urimelig, Me blir tvinga til å fortsetje med ein produksjon som er uønska pga. påstått dårleg dyrevelferd.

Me har hatt fleire gode år i pelsdyrbransjen, difor har me kunna rusta opp garden slik at den skal kunna gi livsgrunnlag for 2 personar. Nedlegging av pelsdyr betyr at inntektene våre blir meir enn halvert og minkhuset får ein negativ verdi. Berre sanering av minkhuset vil kosta om lag 1 million kr. Det er svært vanskeleg å finna alternativ bruk av minkhallen og den opptar eit areal på over 2 da.

Satsinga vår på epledyrking er kapitalkrevjande, og det går 4-5 år før vi får avlingar som betyr noko. Og Me er tross alt heldige som har nedbetalt minkhuset. Men vi tykkjer det er urimelig dersom kompensasjonen for å slutta knapt dekkjer saneringa. Reknar med at næringa er øydelagt for framtida uansett kva vedtak som blir gjort. Bankar og framtidige oppdrettarar har mista trua på ei framtid med pelsdyr.

Erstatninga må dekka:

Tilskot til å begynna ny næring

Oppsigelsestida må kortast ned

Framtidig intektsmulighet.

Dersom næringa vert nedlagt må alle som hadde dyr då Jeløyaerklæringa kom få full erstatning.

Vedtaket vil gjera at heile strukturen i næringa blir øydelagt, antall oppdrettarar minkar og miljøet blir for lite, all investering og vedlikehald stoppar opp, dei beste folka i organisasjonen forsvinn, forlaga får for liten produksjon og foret blir for dyrt.

Vi har no gått å venta på ei avklaring i over 1 år, det har vore ei stor påkjenning psykisk. Det har gått utover humør, arbeidslyst, skapt usikkerhet, investering og vedlikehald har stoppa opp, ungdommar som kunne tenkja seg å overta har mista lyst og mulighet, bankane vil ikkje lenger gi kreditt mm. Difor er det rett og rimeleg at me får full kompensasjon og erstatning.

Helsing Bjørg og Atle Hauge