Bondelaga i Bore, Klepp og Orre
Svar på høyring - Forslag til lov om forbod mot hald av pelsdyr
Bondelaga i Bore, Orre og Klepp er uroa over det som skjer i pelsnæringa. Unge bønder, barnefamiliar og bønder som nærmar seg slutten av eit langt liv i næringa, får snudd livet opp ned medan deira skjebne er i hendene til regjeringa.
Pels er ei stor næring i Klepp kommune og i Rogaland. Mange familiar baserer si inntekt på denne næringa, og har gjort det i generasjonar.
Vedtaket om å legge ned ei lovleg næring er ei heilomvending, berre to år etter at det vart oppmoda om å satse på ei berekraftig utvikling av næringa. Pelsdyrnæringa har vore gjennom eit løft utan sidestykke i norsk landbruk. Men ein historisk hestehandel om makt og posisjonar sette alt i spel. Konsekvensane for den enkelte bonde kan me berre ane.
Pelsdyrnæringa er avfallsgjenvinning på høgt nivå. Konsekvensane Eit vedtak om å forby pelsdyroppdrett i Norge vil ramme heile husdyrnæringa gjennom auka avgifter for å handtere slaktieriavfall.
Blant anna gjennom god dyrevelferd er norske skinn i verdsklasse. Bondelaga i Klepp meiner det er ein logisk brest når regjeringa vil forby oppdrett av pelsdyr, utan samstundes å forby import. Argumentet om at importvolumet uansett omfattar små volum, fell på si eiga urimelegheit. Det ville i så fall gjere eit importforbod enkelt å innføre – ikkje minst ville det gitt ei slags meining til dei som no vert tvunge ut av næringa dei har satsa på.
Bondelaga i Bore, Orre og Klepp oppmodar regjeringa på det sterkaste å gjere ei ny vurdering og snu i saka om pelsdyrnæringa.
Subsidiært: Dersom regjeringa likevel ikkje snur, ber Bondelaga i Klepp Regjeringa gå i grundig dialog med næringa om korleis dei kan bli kompensert på ein skikkeleg og verdig måte. Investeringane må kompenserast for, det same gjeld kostnad ved avvikling og riving av anlegg, samt tap av inntekt. Regjeringa må sette seg inn i konsekvensane som går langt ut over det økonomiske.
Det vert lova omstillingsmidlar, men faktum er at det ikkje er andre næringa å omstille seg til. Etter fleire år med kraftig stimulering til volumproduksjon i alle produksjonar, er overproduksjon eit faktum. Alarmen går i alle husdyrproduksjonar - det er ikkje rom for nyinvesteringar. Det gjer yrkesforbodet endå meir krevjande for dei bøndene dette gjeld.