Breim Bondelag ser det som formålslaust å avvikle pelsdyrnæringa. Næringa er den mest lønsame og kontrollerte på norske gardsbruk, og med svært god dyrevelferd. Næringa gjer og eit svært viktig miljøarbeid med å konvertere slakteavfall til eit salgbart produkt. Planen om avvikling er resultat av ein politisk hestehandel som ikkje er ansvarlege politikarar i ei regjering verdig. Særleg då avgjerda kjem kort tid etter at Stortinget hadde vedteke at næringa skulle halde fram.
Avviklingsplanen er styrt av feiloppfatningar om fleire faktiske forhold der det særleg vert samanlikna med tilsvarande dyr som lever i naturen i såkalt «frihet». «Frihet» er i realiteten ein brutal naturtilstand det det daglege liv handlar om å overleve så lenge at ein får reprodusert seg. Til dømes har villrev på Dovrefjell og i andre fjellområde så brutalt dårleg dyrevelferd at bestanden må ha hjelp for å overleve, jfr. Fjellrevprosjektet.
Det er luksus å være premietispe i Gloppen med foring to gongar pr. dag, veterinærbesøk osv i samanlikning. Dette er er forhold som fjellrev berre kan drøyme om. Frihetsbegrepet som vi meneske kjenner det heilt meiningslaust å bruke om dyr i sitt opprinnelege element. Det vi snakkar om er ein brutal naturtilstand kontra ein kultivert og gjennomkontrollert livsform i revehagen. Andre dyr og fugler lever på same vis, den søte kjøttmeisen med ein familie på 10 i mai er redusert til to individ neste april. Og dei to individa har akkurat nok krefter igjen etter vinteren til å få åtte nye ungar... Dersom dei ikkje klarar kravet om nye ungar vil bestanden gå nedover, slik vi har sett med fjellrev.
Raudrev har i tillegg skabb å slite med. Underteikna avliva seinast 28. januar i år ein skabbrev i tunet, ein delvis pelsfri (!) rev i 12 minusgrader! Biletet av denne reven kan sjåast på underteikna si Facebook-side.
Erstatningsordninga etter ei eventuell avvikling må absolutt være raus, det vil seie "full erstatning". Erstatninga må utmålast individuelt for dei oppdrettarane avviklinga gjeld. Det må takast omsyn til inntekta frå pelsdyrhaldet dei siste fem åra før avvikling og det må beregnast tap av inntekt framover i 10 år frå avviklingsåret. Det må og gjevast erstatning for dei investeringane som er gjort, samt kompensasjon dei reelle kostnadane for sjølve avviklinga, inkludert nedmontering og nødvendig opprydding i bygningsmasse. Det må og utmålast ei ulempeerstatning for den påkjenninga kvar oppdrettar har med avviklingsprosessen.
At pelsdyrmotstandarar kan meine at avvikling av næringa er forutsigbar har ikkje relevans. Mykje av utviklinga i samfunnet med tilhøyrande ekspropriasjonar er forutsigbar, men likevel kvalifisert til full erstatning for den som vert råka økonomisk til fordel for storsamfunnet. Det er direkte småleg og usjarmerande å i tillegg ikkje ville gi dekkande erstatning. Den som vil avvikle pelsdyrnæringa må og være villeg til ta kostnaden med avviklinga.