🏠 Forside § Lover 📜 Forskrifter 💼 Bransjeforskrifter 📰 Lovtidend 🏛 Stortingsvoteringer Domstoler 🇪🇺 EU/EØS 📄 Siste endringer 📚 Rettsomrader 📊 Statistikk 🔍 Avansert sok Hjelp
Hjem / Horinger / Horing / Horingssvar
Regjeringen
Til horingen: Høring – forslag til lov om forbud mot hold av pelsdyr

Fjordane Pelsdyralslag

Departement: Familiedepartementet 1 seksjoner
Høyringssvar til lovforslag om forbud mot hold av pelsdyr:

Styret i Fjordane Pelsdyralslag består av medlemmar frå Sogn og Fjordane, Sunnmøre og Nordhordaland.

Fjordane Pelsdyralslag er sterkt kritiske til det som står i høyringsforslaget, og meiner att dette ber preg av hastverksarbeid, då ein vel og sjå vekk ifrå det faktum att 3 av 4 regjeringsparti gjekk inn for berekraftig utvikling så seint som i januar 2017. Dette vedtaket var tufta på ei god og fagleg utgreiing. Det står i høyringsforslaget att det var politisk usikkkerhet om næringa. Dette er direkte feil med bakgrunn i vedtaket frå 2017. Vedtaket var fatta med eit fleirtall beståande av Høgre, FRP, KRF og Senterpartiet, som alle har postive vedtak i sine landsmøter til fordel for næringa. Når no Høgre, FRP og KRF vel og gå vekk frå sine vallovnader, syner dette berre att kampen om posisjonar er viktigare enn politikk.

For oppdrettarane i Fjordane vil eit vedtak om nedleggelse av pelsdyrnæringa får store konsekvensar. Oppdrettarane i regionen har i all hovedsak pelsdyr som sin leveveg, enten på eit leigt areale eller små gardsbruk. Ved ein nedleggelse vil driftsgrunnlaget falle vekk for dei aller fleste, dette på grunn av att arealet er forlite til å etablere annan produksjon på, og skulle forslaget om nedlegging bli vedtatt, må det til ei erstatningsordning som dekker gjeld, dei faktiske verdiar, sanering og framtidige inntektstap. Det kan ikkje vere slik att regjeringa fattar vedtak som får så store økonomiske konsekvensar utan og gjere opp for seg. Ei nedlegging av pelsdyrnæringa står i skarp kontrast til mykje av det andre som står i Granvollen erklæringa. Vi meinar att det fortsatt er tid til å ta til fornuft.

Styreledar Atle- Roger Evebø