🏠 Forside § Lover 📜 Forskrifter 💼 Bransjeforskrifter 📰 Lovtidend 🏛 Stortingsvoteringer Domstoler 🇪🇺 EU/EØS 📄 Siste endringer 📚 Rettsomrader 📊 Statistikk 🔍 Avansert sok Hjelp
Hjem / Horinger / Horing / Horingssvar
Regjeringen
Til horingen: Høring - etablering av Nasjonalt eldre-, pasient- og brukerombud

Norsk Tannpleierforening

Departement: Departement 1 seksjoner
Høringssvar frå Norsk Tannpleierforening om høyringsnotat og tilleggsnotat til etablering av nasjonalt eldre-, pasient- og brukerombud

Regjeringa ønskjer å løfta pasient- og brukerrettighetsordninga når det gjeld innhald og omfang. Norsk Tannpleierforening, NTpF, er positive til regjeringa sitt forslag om eige eldreombod . Eit felles ombod k an vera avgrensande i forhold til dei eldre sine samfunnsbehov som er meir enn å vera pasient og brukar. Tannpleierforeininga vurderar at eige eldreombod vil betre ta i vare intensjonen med eldrereforma.

Tan npleierforeininga er positive til at tannhelsetenesta blir inkludert i pasient -og brukarombodet sitt ansvarsområde. Tannhelsa blir dermed jamstilt med andre områder og nivå som gir helse- og omsorgstenester etter avtale med stat og kommune. Utviding av ombodet sitt ansvarsområde til inkludering av tannhelsetenester, vil i større grad sikra vurdering av alle verksemder som gir helse- og omsorgstenester.

Når det gjeld behov for eit felles nasjonalt ombod og organisering av denne koordinerande rolla, ser NTpF at dei som jobbar innafor området, er best kvalifisert til å uttale seg om det .