Ang leirskule som del av grunnskuleopplæringa Dato: 19.11.2018 Svartype: Med merknad Vi vil støtte forslaget som gir skuleeigar handlingsrom til sjølv å vurdere og ta ansvar for det faglege og sosiale innhaldet i leirskuleopphaldet. Det vil vere uheldig om godkjenning av leirskuleopphald, vert knytta kun til bemanna leirskular. Fleire kommunar har lang tradisjon med å gjennomføre leirskule, og har eigne pedagogiske opplegg og kompetanse knytta til dette. Dei faglege og sosiale opplegga er då knytta til kompetansemåla skulen elles arbeider med, i ulike fag. Dermed vert leirskulen sett inn i ein samanheng. For dei kommunane som ikkje har dette, vil bemanna leirskular vere eit veldig bra alternativ. Konkusjon: Lova må utformast slik at det gir kommunane handlingsrom til sjølv å velje kva type leirskule/skuletur med pedagogisk innhald dei vil tilby - samt på kva årssteg i grunnskulen. Kunnskapsdepartementet Til høringen Til toppen