Dato: 02.01.2019 Svartype: Med merknad Leirskulen er ein unik læringsarena for elevane. Lovfesting av elevane si leirskuleopplæring er gledeleg og viktig. Lova må sikra leirskuleopphaldet sine rammefaktorar og sentrale kjenneteikn, noko forslaget ikkje gjer. Dette gjeld: • Naturen som læringsarena. • Opphaldet må ha 4 overnattingar. • Opphald i eit nytt miljø. Utan natur og friluftsliv er det ikkje leirskule. (Då glipp folkehelseperspektivet, den norske friluftslivstradisjonen og miljø/bærekraftig utvikling.) Utan ei full skuleveke og helst i eit nytt miljø, er det ikkje et fullverdig leirskuletilbod. (Då svekker ein verdiar som livsmestring, djupnelæring, naturforståing, kulturformidling og norske tradisjonar.) Høyringsforslaget opnar for andre og kortare skuleturar utan desse grunnleggjande rammene. Det betyr at sentrale verdiar, kvalitetar og gevinstar som kjenneteiknar eit fullverdig leirskuleopphald kan bli redusert eller heilt borte. Det er uheldig, og det bringer ikkje ro rundt tilbodet slik lovfestinga er meint å gjera. Leirskuleopphald er eit verdifullt og unikt tilbod som alle elevar bør få oppleva. I Jeløya-plattforma står det: «Regjeringa vil lovfeste retten til et leirskuleopphald i løpet av grunnskolen." I høyringsforslaget er regjeringserklæringa endra. Lovformuleringa sikrar ikkje ro kring elevane sitt leirskuletilbod. Det står: «Kommunen skal tilby elevane eit leirskoleopphald eller ein annan skoletur med minst tre overnattinger som del av grunnskoleopplæringa.» Når det står «…eller ein annan skoletur med minst tre overnattinger….», opnar det for ei samanblanding med heilt andre typar opplegg enn leirskole, og for lokale kortare turar som innsparingsvariantar. Det undergrev både forventninga til, og intensjonen bak lovfestinga; at alle elevar skal få eit fullverdig leirskuleopphald i løpet av grunnskolen. Leirskuleopplæring bygger på ein pedagogisk ìde med naturen som læringsarena i ei samanhengande skuleveke, i eit nytt miljø. Kvalitetane i og gevinstane ved ein slik læringsarena kan for mange elevar bli redusert eller gleppe heilt med forslagets lovtekst. Det handlar om verdiar som folkehelse, naturforståing, miljø og bærekraftig utvikling, livsmeistring og djupnelæring. Suldal kommune støttar forsalget om å lovfesta retten til leireskuleopphald, opphaldet må ha 4 overnattingar. Suldal kommune meiner at også friskulane bør påleggjast å tilby leirskule til elevene i løpet av grunnskuleløpet og at friskulelova vert endra i tråd med dette. Suldal kommune meiner at leirrskuleopphaldet må fullfinansierast. Kunnskapsdepartementet Til høringen Til toppen <div class="page-survey" data-page-survey="133" data-page-survey-api="/api/survey/SubmitPageSurveyAnswer" data-text-hidden-title="Tilbakemeldingsskjema" data-text-question="Fant du det du lette etter?"