🏠 Forside § Lover 📜 Forskrifter 💼 Bransjeforskrifter 📰 Lovtidend 🏛 Stortingsvoteringer Domstoler 🇪🇺 EU/EØS 📄 Siste endringer 📚 Rettsomrader 📊 Statistikk 🔍 Avansert sok Hjelp
Hjem / Horinger / Horing / Horingssvar
Regjeringen Med merknad
Til horingen: Høring - NOU 2024: 22 Norske sparebanker – tradisjon og tilpasning

Hardanger og Voss museum

Departement: Familiedepartementet
Dato: 03.02.2025 Svartype: Med merknad Utne, 3.2.2025 Hardanger og Voss museum takkar for høvet til å gje innspel til utgreiinga til Sparebankutvalet. Me legg her mest vekt på avsnitta som handlar om utbytte og ålmennyttige gåver. Både profesjonelle aktørar og det frivillige lagslivet har nytt godt av gåver frå sparebankar og sparebankstiftingar. Verdien av desse gåvene er langt større enn kroneverdien. Mykje av aktiviteten i mange lag og organisasjonar i Noreg skuldast gåver frå sparebankar. Også for oss er gåver frå sparebankar gull verd. Ei av avdelingane våre har dei siste tolv åra fått om lag ein million kroner frå den lokale sparebanken sin. Desse midlane er brukt på tiltak og prosjekt som me veit har vore med på å auka besøket ved museet. Gåvene frå sparebanken er altså med på å gje brukarar av museet eit betre tilbod, som igjen fører til at museet får større inntekter. Viss ordninga med utbetaling av utbytte får halda fram, vil det kanskje vera slik at dei bankane som i dag ikkje betalar ut utbytte må gå over til ei slik ordning, for å halda på kundane sine. Det vil igjen føra til at desse bankane har ein mindre pott til ålmennyttige gåver. Det vil gå utover både det frivillige lagslivet og det meir ålmenne kulturtilbodet. Hardanger og Voss museum støttar difor utvalet si tilråding om å avslutta ordninga med å betala ut utbyte til kundar og eigarar. Med venleg helsing Åsmund Kristiansen (s) direktør HVM Finansdepartementet Til høringen Til toppen <div class="page-survey" data-page-survey="133" data-page-survey-api="/api/survey/SubmitPageSurveyAnswer" data-text-hidden-title="Tilbakemeldingsskjema" data-text-question="Fant du det du lette etter?"