Dato: 17.12.2018 Svartype: Med merknad Vi viser til dykkar brev av 05.11.18, og takkar for høve til å komme med merknader til høyringsnotatet med forslag til endringar i statsborg e rlov en . Når det gjeld dei to alternative modellane som det er gjort greie for i punkt 5.1 og 5.2 i høyringsnotatet, så meiner Fylkesmannen i Rogaland på prinsipielt grunnlag at domstolsbehandling er den saksbehandlingsform som i størst grad sikrar rettstryggleik for borgaren. Vi ser likevel at også forslaget til utforming av den alternative modellen i punkt 5.2 har rettstryggleik i fokus. Framfor å gå meir detaljert inn i fordeler og ulemper med dei to ulike modellar, vil Fylkesmannen i Rogaland understreke behovet for ei forsvarleg rettshjelpsordning uavhengig av kva modell ein vel. Vi støttar difor det som kjem fram i punkt 5.3 om at det i saker om tilbakekall av statsborgarskap etter § 26 andre ledd bør gjelde ein rett til fri rettshjelp utan behovsprøving. Det må gjelde uavhengig av kva prøvingsform ein ender på for desse sakene. Eit slikt tilbakekall får utvilsamt store konsekvens a r for den det gjeld, og det bør derfor stillast krav om særskilte rettstryggleiksgarantiar. Det er dessutan viktig at den regel som vert vedteke ikkje skal tolkast antitetisk, slik at det framleis er mogleg med fri rettshjelp i andre saker etter statsborgarlova. Til punkt 5.4.1 om tilbakekall av barns statsborgarskap, ønskjer Fylkesmannen i Rogaland å understreke at vi støttar departementet si presisering av at barn som hovudregel ikkje kan miste statsborgarskapet som følgje av feil som er gjort av foreldra eller besteforeldra. Vidare sluttar vi oss til at det blir framheva at i saker som har følgjer for barn, skal barnet sitt beste vere eit grunnleggjande omsyn. Fylkesmannen i Rogaland støttar departementet sitt forslag til endringar i § 6 og § 26 i statsborgerloven Arbeids- og inkluderingsdepartementet Til høringen Til toppen