🏠 Forside § Lover 📜 Forskrifter 💼 Bransjeforskrifter 📰 Lovtidend 🏛 Stortingsvoteringer Domstoler 🇪🇺 EU/EØS 📄 Siste endringer 📚 Rettsomrader 📊 Statistikk 🔍 Avansert sok Hjelp
Hjem / Horinger / Horing / Horingssvar
Regjeringen Med merknad
Til horingen: Høring - Forslag til endringer i valgforskriften og forskrift om direkte valg ti...

Ulstein kommune

Departement: Familiedepartementet
Høyringsuttale frå Ulstein kommune Dato: 05.12.2018 Svartype: Med merknad Ulstein kommune støttar ikkje dei føreslåtte endringane i § 37a i valforskrifta. Kommunen sluttar seg heilt og fullt til at ei korrekt og tillitvekkande valgjennomføring er avgjerande for demokratiet. Dei nasjonale valstyresmaktene må derfor sørge for at det elektroniske valadministrative systemet, inkludert skannemodulen, er sikkert. Kommunen er kritisk til at det vert føreslått å gjere 2017-ordninga (obligatorisk manuell førebels teljing) permanent utan at høyringsnotatet gjer greie for om 2017-ordninga hadde noko å seie for tryggleiken i valgjennomføringa. Forslaget strir mot allmenne mål for digitalisering i offentleg sektor. Kommunar som har investert i skanneutstyr og -programvare, vil i praksis (pga. sannsynlege manuelle teljefeil) bli pålagde ei ny, tredje oppteljing og får ei meir tid- og ressurskrevjande valgjennomføring enn andre kommunar. Grunnen er forslaget om å krevje ei ekstra endeleg teljing – med ny bemanning – ved avvik mellom manuell førebels teljing og skanna endeleg teljing – medan det ikkje vert kravd ny endeleg teljing ved avvik mellom manuell førebels teljing og manuell endeleg teljing. Det er ikkje logisk at høyringsnotatet presiserer «Med manuell opptelling menes at opptellingen skjer for hånd uten bruk av maskiner». Om ein fryktar for tryggleiken ved skannemodulen , må det i ei eventuell manuell, førebels oppteljing vere uproblematisk å bruke ein rein teljefunksjon på ei maskin – etter at bunkane med stemmesetlar er korrekt sorterte for hand etter parti (av valfunksjonærane).   Kommunal- og distriktsdepartementet Til høringen Til toppen <div class="page-survey" data-page-survey="133" data-page-survey-api="/api/survey/SubmitPageSurveyAnswer" data-text-hidden-title="Tilbakemeldingsskjema" data-text-question="Fant du det du lette etter?"