Dato: 15.12.2024 Svartype: Med merknad Hei! Først vil eg seie at eg er veldig glad for at det kjem ei slik lov. Mitt forslag er at ein kan donere maten til barnehagar og skular, så kan endeleg barna få eit ordentleg måltid i løpet av skuledagen sin. Viss ein legg tilrette for eit samfunn med varm skulemat (slik resten av Europa gjer), så kan ein bruke den donerte maten som råvarer i barna sin skulemat. Dette må jo også seiast å vere ei kjekk oppgåve for kokkar rundt om kring, å finne gode rettar ein kan lage av donert mat. Viss alle barn i alle fall får eitt ordentleg måltid i løpet av dagen sin, kan me kanskje også bremse den aukande delen av barn med overvekt? I alle fall trur eg færre elevar vil ete skulebolle og drikke energidrikk til lunsj med denne ordninga. Eg trur det blir vanskeleg å donere til veldedige organisasjonar spesielt i bygdene. Til dømes, i bygda eg bur i er det fem matbutikkar og rundt 6000 innbyggarar. Det er ikkje slik at det er ein stor del fattige menneske her med behov for gratis mat. Likevel må jo alle desse fem matbutikkane kvitte seg med mat som er utgått på dato. Då er det jo heilt perfekt viss barna kan få denne maten. Eit anna forslag hadde jo vore å redusere talet matbutikkar, men det blir ein annan diskusjon. Dette blir dyrt og styrete kan ein kanskje tenke. Men eg trur ikkje ein treng så mange tilsette for å kunne lage sunn mat til den lokale skulen og barnehagane(kor mange kokkar trengs det for å lage ein stor gryterett for eksempel?). I tillegg blir jo dei donerte råvarene gratis, så viss ein reknar med ringverknadane som til dømes færre tjukke barn med livsstilssjukdomar, og barn som får snakka med kvarandre og slappa av rundt eit hyggeleg måltid, så trur eg dette er ein vinn vinn situasjon for alle partar. Beste helsing Berit Fjermestad Landbruks- og matdepartementet Til høringen Til toppen <div class="page-survey" data-page-survey="133" data-page-survey-api="/api/survey/SubmitPageSurveyAnswer" data-text-hidden-title="Tilbakemeldingsskjema" data-text-question="Fant du det du lette etter?"