Dato: 17.01.2025 Svartype: Med merknad Rådet for menneske med nedsett fynksjonsevne (RMNF) I Vestland fylkeskommune vedtok i møte 13.01.2025 i PS 4/25 Høyring - kompetansekrav for leger i kommunale helse- og omsorgstenester slik høyringsuttale: Helse- og omsorgsdepartementet foreslår nytt § 3 første ledd i forskrift om kompetansekrav for leger. Dette forslaget inneberer at det vert opna opp for at andre spesialistar enn spesialistar i allmennmedisin oppfyller kompetansekrava om de jobbar utanfor fastlegeordninga. Forskrifta si § 3 første ledd vil såleis gjelde for leger i legevakt, sjukeheim, helsestasjons- og skolehelsetenesta, kommunal akutt døgneinig (KAD) og direkte få innverknad for menneske med nedsett funksjon. Rådet for menneske ned nedsett funksjonsevne (RMNF) i Vestland Fylkeskommune (VLFK) vurderer det som positivt at kommunen får større handlingsrom til å vurdere kva for legekompetanse som er relevant i de ulike delane av kommunens helse- og omsorgsteneste utanfor fastlegeordninga. RMNF i VLFK meiner likevel at det ikkje er riktig at dette handlingsrommet også skal gjelde leger i legevakt. RMNF i VLFK meiner at legevaktarbeid stiller store krav til allmennmedisinsk grunnkompetanse. Kravet om å ha gjennomført kurs i akuttmedisin og valds- og overgrepshandtering vil etter RMNF i VLFK si vurdering ikkje kompensere for mangelfull allmennmedisinsk kompetanse. Kommunalt organisert legevakt er ein del av den akuttmedisinske kjeda. Samarbeidande instansar har behov for og vil forvente ein relativt lik kompetanse på legevaktlegene. Det vil også være svært krevjande for kommunane å vurdere kva for annan legekompetanse som kan yte forsvarlege legevakttenester. RMNF i VLFK oppfordrar departementet til å endre forslaget til nytt § 3 første ledd. Dette slik at leger som jobbar i legevakt må oppfylle krav i ny § 3 andre ledd som gjelder leger i fastlegeordninga, og som dermed må være spesialistar i allmennmedisin eller være i spesialisering i allmennmedisin. Ei slik endring vil få følgjekonsekvensar for fleire av de andre føreslegne fråsegnene i forskrift om kompetansekrav for leger. Vi ser også at forslaget til § 3 første ledd bokstav c vert avslutta med «eller». Dette må bli korrigert i endeleg forskrift. Helse- og omsorgsdepartementet har i forskrift om rett til trygderefusjon m.v. foreslått ny ordlyd i § 1. Føresegna første ledd bokstav d siar at folketrygda yter stønad dersom legen «er fastlønna kommuneoverlege som føretek nødvendige sjukebesøk utanom ordinær arbeidstid». Isolert sett er det positivt at departementet foreslår ei endring av nemninga «kommunelege» til «kommuneoverlege» i tråd med Meld. St. 15 (2022–2023) kapittel 10.4. Helsedirektoratet har likevel i «Nasjonal veileder for kommunelegefunksjonen og samfunnsmedisinsk arbeid i kommunen» tydeleggjort at kommunelegeoverlegane i utgangspunktet ikkje har lovpålagte oppgåver som inkluderer å yte helsehjelp til enkelt pasientar eller annet klinisk legearbeid. Det er likevel nokken få lov- og forskriftfråsegner som gjer at kommuneoverlegen i gitte tilfelle kan komme i ein situasjon kor det må ytes helsehjelp. Primært gjelder dette helsepersonelloven § 63 og nokre få fråsegner i smittevernlovgivinga. Men «sjukebesøk» er ikkje omfatta av disse fråsegnene. Aktuelle fråsegner bør derfor bruke nemninga «lege» slik at § 1 første ledd bokstav d lyder: «Legen er fastlønna lege som utførar nødvendig sjukebesøk utanom ordinær arbeidstid.» Helse- og omsorgsdepartementet Til høringen Til toppen <div class="page-survey" data-page-survey="133" data-page-survey-api="/api/survey/SubmitPageSurveyAnswer" data-text-hidden-title="Tilbakemeldingsskjema" data-text-question="Fant du det du lette etter?"