🏠 Forside § Lover 📜 Forskrifter 💼 Bransjeforskrifter 📰 Lovtidend 🏛 Stortingsvoteringer Domstoler 🇪🇺 EU/EØS 📄 Siste endringer 📚 Rettsomrader 📊 Statistikk 🔍 Avansert sok Hjelp
Hjem / Horinger / Horing / Horingssvar
Regjeringen Med merknad
Til horingen: Høring - regulering av spesialistutdanning i allmennmedisin, samfunnsmedisin og ...

Bømlo kommune

Departement: Omsorgsdepartementet
Høyringssvar Bømlo kommune, regulering av spesialistutdanning i allmennmedisin, samfunnsmedisin og arbeidsmedisin i spesialistforskriften Dato: 14.06.2018 Svartype: Med merknad Høyringsuttale frå Bømlo kommune: Utval for helse og omsorg i Bømlo kommune er positiv til eit utdanningsløp for spesialitetane i allmennmedisin, samfunnsmedisin og arbeidsmedisin (ASA-spesialitetane) som har fokus på innhald og oppnådd kompetanse. Minimum tid til individuell vegleiing, med tilsvarande økonomisk kompensasjon, er ikkje tilstrekkeleg til å dekke det behovet for supervisjon og refleksjon som læringsmåla legg opp til. Samla arbeidsbyrde for fastlegar gjer det krevjande å rekruttere engasjerte vegleiarar som har kapasitet til å gi god nok oppfølging. Rammevilkåra for fastlegane må difor endrast dersom ein vil sikre god utdanning av nye fastlegar. Utarbeiding av individuell utdanningsplan og avtaler med andre utdanningsverksemder, t.d. helseføretak, vil føre til auka administrasjonsoppgåver i kommunen. Dette må kompenserast økonomisk. Rådmannen støtter prinsippet om at vegleiar skal vere spesialist i allmennmedisin, men ser at det kan vere utfordrande i en overgangsperiode til nye spesialistar er godkjent. Det bør vere høve til å søke dispensasjon frå kravet dersom ein har erfarne legar utan spesialitet som kan vere vegleiar, inntil det er god nok dekning av fastlegar med spesialistgodkjenning i alle kommunar. Rådmannen forventar at Helsedirektoratet utarbeidar ein rettleiar for å sikre mest mogleg likt innhald i utdanninga, og at denne ligg føre innan forskrifta trer i kraft. Helse- og omsorgsdepartementet Til høringen Til toppen