🏠 Forside § Lover 📜 Forskrifter 💼 Bransjeforskrifter 📰 Lovtidend 🏛 Stortingsvoteringer Domstoler 🇪🇺 EU/EØS 📄 Siste endringer 📚 Rettsomrader 📊 Statistikk 🔍 Avansert sok Hjelp
Hjem / Horinger / Horing / Horingssvar
Regjeringen Med merknad
Til horingen: Høring - regulering av spesialistutdanning i allmennmedisin, samfunnsmedisin og ...

Volda kommune

Departement: Omsorgsdepartementet
Høyringssvar forslag til regulering av spesialitsutdanning i allmennmedisin, samfunnsmedisin og arbeidsmedisin Dato: 21.06.2018 Svartype: Med merknad Høyringssvar – forslag til regulering av spesialitsutdanning i allmennmedisin, samfunnsmedisin og arbeidsmedisin   I høyringsnotatet foreslår departementet ei tilnærming til organisering og regulering av spesialistutdanninga i allmennmedisin, samfunnsmedisin og arbeidsmedisin (ASA) som vil gi mest muleg lik organisering som sjukehusspesialitetane. Volda kommune støttar hovudpunkta i HOD sitt forlag, og opplever forslaget som fornuftig. Samtidig er det ein del aspekt med dette forslaget som vil gje seg utslag i ulike organisatoriske, økonomiske og administrative utfordringar i kommunen. Det er framlagt eit gjennomføringstempo knytt til desse endringane som ikkje korrelerar med det kommunale sjølvstyre. Det set kommunen i eit vrangsteg der ein blir pålagt oppgåver utan å få rom, tid og ressursar til å planlegge dette godt. I framlegget verkar det som at dette er ein formalitet og at det skal i verksettast 1.mars. 2019. Volda kommune vil påpeike nokre utfordringar som må takast høgde for i det vidare framlegget: Kommunen som registrert utdanningsverksemd: det blir innført registreringsordning for utdanningsverksemder (kommunar) i tillegg til dagens godkjenningsordning for utdanningsverksemder i spesialisthelsetenesta. Konsekvens: kommunane får no ansvar og oppgåver knytt til gjennomføring av spesialistforløpet til ASA utan å vere skodd for dette administrativt, økonomisk eller organisatorisk. Å vere ei registrert utdanningsverksemd er ikkje venstrehandarbeid men krev system og struktur utover det som eksisterer pr. i dag. Dette krev igjen kompetanse og ressursar. Det blir referert til §5.2 i helse og omsorgstenestelova, der ei kommune har medverknadsplikt, men omfanget av denne plikta er ikkje omsnakka. Eit anna spørsmål er om denne registreringsordninga er forpliktande for alle kommunar? Eller kan ein unnlate å registrere seg? Kven er tiltenkt å ha ei rolle inn i eit gjennomføringsforløpet og for den individuelle sin oppfølgingsplan?.   Departementets forslag til regulering av ASA spesialitetene- Reguleringer i spesialistutdanninga med kompetansekrav og tydeleg læringsmål, vil medføre at mange legar skal gjennomføre eit spesialiseringsforløp. Konsekvensen blir at ressursbruken i kommunane aukar betydeleg og blir krevjande både med tanke på organisering og det kostnadsmessige.   Praksisrettleiar og supervisjon: ein lege under spesialisering skal ha ein praksisrettleiar, dette blir sett på som eit klokt val. Denne praksisrettleiaren skal sjølv vere spesialist. Konsekvens: det er ikkje alltid mogleg å oppdrive dette av ulike årsaker. Kva gjer ein då? Det er også slik at rettleiarane ofte er fastlegar som skal ha praksiskompensasjon og evt avlønning for dette arbeidet. Det har også konsekvens for fastlegen si pasientliste. Skal det reduserast i listelengd? Kva er konsekvensen av det? Det er også omsnakka at det er kun 1 time kvar 2. veke og dette er for lite til konstruktiv rettleiing.   Organisering av spesialistforløpet slik det er beskreve i høyringsnotatet viser ei fornuftig framtidig retning, men det er ikkje teke høgde for konsekvensane implementering av eit forløp av denne type vil ha for kommunane. Vi etterspør ei tydelegare konsekvensutgreiing. Å legge ansvaret for gjennomføringa av dette forløpet på kommunane, er lite hensiktmessig, då kommunane pr i dag viser seg å ikkje vere rusta for dette. Kommunen vurderer det er behov for øyremerka midlar frå nasjonalt hald knytt oppimot gjennomføring av spesialistforløp, som det er beskreve i denne høyringa. Skal ein greie å halde den tiltenkte kvaliteten som framlegget beskriv, må det ei større konekvensutgreiing og involvering av kommunane. Volda kommune meiner at dei statlege økonomiske rammene knytt til kommunal oppfølging av eit slikt type utdanningsforløp av ASA spesialisering, må endrast før endringsgjennomføring av forskrift.     Helse- og omsorgsdepartementet Til høringen Til toppen <div class="page-survey" data-page-survey="133" data-page-survey-api="/api/survey/SubmitPageSurveyAnswer" data-text-hidden-title="Tilbakemeldingsskjema" data-text-question="Fant du det du lette etter?"