Bakgrunn
Folq AS representerer tilsaman 2200 konsulentar innan IT og digitalisering. Omlag halvparten er sjølvstendige konsulentar som opererer med eige aksjeselskap der dei er både eigar og einaste tilsette. Konsulentane under Folqs paraply er svært kompetente og erfarne, med omlag 12 års gjennomsnittleg relevant arbeidserfaring. Desse går inn i roller i kundens etablerte utviklingsteam, får god timelønn og blir behandla godt av innleigar. Dei tilfører sårt tiltrengt kompetanse, og etterlét seg varige spor i kundens organisasjon etter endt innleige, eksempelvis i form av kompetanseoverføring til kundens eigne tilsette, innføring av ny arbeidsmetodikk og oppdatering på beste praksis innan ulike områder. Konsulentane vert handsama godt av innleigar; dei sitt side ved side med innleigarens eigne tilsette og nokre gonger konsulentar frå andre konsulentselskap og blir inkluderte i det lokale arbeidsmiljøet og sosiale miljøet.
Historisk sett har fleire av Folqs konsulentkjøparar spesifisert at dei ønsker å leige inn sjølvstendig næringsdrivande konsulentar, og ikkje konsulentar frå større konsulentselskap. Dei grunngjev dette ønsket med:
Dei sjølvstendige konsulentane hjå Folq har sjølve valt å vere sjølvstendig næringsdrivande, med den risiko og oppside det innebér. Dei jobbar med å selje inn sin eigen kompetanse, og oppnår gode timeprisar for arbeidsinnsatsen sin. Dei er sin eigen arbeidsgivar og driv sine driftsselskap profesjonelt. Dei betaler arbeidsgivaravgift og meirverdiavgift, sett av feriepengar, har sett opp pensjonsordningar og betaler ut lønn til seg sjølve. Nokre bygger opp eit finansielt overskot i verksemda si, som dei investerer i tidlegfase oppstartsverksemder. Såleis tilfører dei verdi til oppstartsverksemder i Noreg. Sjølvstendige konsulentar eig tilsaman rundt 10% av selskapet Folq AS - då dei har investert i selskapet gjennom dei 7 åra selskapet har vore verksamt. Som leiar av ei oppstartsverksemd vil eg understreke kor viktig tilgong på slik risikovillig kapital er i tidleg fase.
Det siste året har sjølvstendige konsulentar opplevt å få eit næringsforbod frå Regjeringa. Kravet om godkjenning i bemanningsforetaksregisteret, kombinert med understrekinga av at aksjeselskap der eigar er einaste tilsette ikkje kan godkjennast om bemanningsforetak, har blitt tolka av konsulentkjøparar som at det ikkje lenger er lovleg å leige inn konsulentar som er einaste tilsette i sitt eige aksjeselskap. Majoriteten av offentlege konsulentkjøparar har sett krav i sine innleigeutlysningar om at kandidaten må vere tilsett i eit godkjent bemanningsforetak. Fleire konsulentkjøparar i den private marknaden har instruert Folq og andre om å ikkje selje inn konsulentar som er ikkje er tilsette i godkjente bemanningsforetak, og sett tilsvarande krav til sjølvstendige konsulentar som er innleigd. Dermed er mulegheitene for dei sjølvstendige konsulentane til å selje sine verdiskapande tenester dramatisk snevra inn, og fleire står i fare for å miste dei innleigeengasjementa dei har. Fleire har kasta inn handkleet og teke faste stillingar i større konsulentselskap eller andre verksemder - til tross for eit sterkt ønske om å halde fram som sjølvstendig konsulent.

Det midlertidige unntaket frå godkjenningsordninga løyser ikkje problemet for sjølvstendige konsulentar med eige aksjeselskap
Arbeids- og inkluderingsdepartementet (Departementet) presiserer gjennom høyringsnotatet at “det ikke har vært regjeringens intensjon å innskrenke selvstendige IKT-konsulenters mulighet til å selge sine tjenester” , og understreker at “regjeringen er opptatt av å finne en egnet løsning på saken.”
Det blir foreslått ei partssamansett arbeidsgruppe som skal innhente meir kunnskap om problematikken og sjå på mulege varige løysingar. I perioden som den partssamansette arbeidsgruppa arbeider, er det foreslått eit midlertidig unntak frå godkjenningsordninga for bemanningsforetak. Formålet med eit slikt midlertidig unntak er i følge høyringsnotatet “ å i større grad likestille selvstendige konsulenter med konsulentselskaper som har til formål å drive utleie av arbeidstakere, og på denne måten unngå at selve godkjenningsordningen påvirker konkurransen i dette markedet.”
Seinare skriv Departementet på side 16 i høyringsnotatet: “Tjenestekjøp fra enkeltpersonforetak og aksjeselskap som består av kun én person, vil fortsatt måtte organiseres som oppdrag eller direkte ansettelse.”
Denne siste presiseringa kan ikkje tolkast på annan måte enn at Departementet, med det foreslåtte midlertidige unntaket, ikkje løyser problemet for sjølvstendige konsulentar om at dei ikkje får tilgong til å selje sine tenester som innleigeoppdrag. Tvert om stadfestar denne presiseringa næringsforbodet som sjølvstendige konsulentar har fått.
Det midlertidige unntaket bidreg på ingen måte til at sjølvstendige konsulentar i større grad blir likestilte med konsulentselskap. Kva hjelper det sjølvstendige konsulentar om offentlege og private konsulentkjøparar bytter ut krav om at konsulenten må vere tilsett i eit godkjent bemanningsforetak med eit krav om at konsulenten ikkje kan vere einaste tilsette i eige aksjeselskap?
Det einaste Departementet oppnår med forslaget, er at det ikkje lenger er “ selve godkjenningsordningen ” som fører til eit næringsforbod for denne høgt kompetente gruppa. I staden blir næringsforbodet stadfesta ved presiseringa om at tjenestekjøp frå aksjeselskap der eigar er einaste tilsett må organiserast som oppdragsavtalar eller direkte tilsetjing.
Dersom Departementet har intensjon om å “finne en egnet løsning på saken” , har dei bomma på målskiva. Den nemnde presiseringa på side 16 i høyringsnotatet forverrar situasjonen for sjølvstendige konsulentar, ved at den vil bli del av forarbeida ved ei eventuell lovendring - som skriftleg understreker at sjølvstendige konsulentar som blir leigde inn må sjåast på som tilsette.

Innleigeavtalar utgjer næringsgrunnlaget for sjølvstendige konsulentar innan IKT
At sjølvstendige konsulentar kan leigast inn på lovleg vis gjennom oppdragsavtalar, utgjer ein fattig trøyst for dei som er råka. Folq har tidlegare understreka at oppdragsavtalar ikkje er lett tilgjengeleg for sjølvstendige IKT-konsulentar i skriftleg innspel til Høyre og Venstres representantforslag om å sikre ansatte i eget selskap muligheten til å selge sine tjenester gjennom innleie [1]: “Gjennom Folqs 7 år lange levetid har me ikkje vore borti ein einaste oppdragsavtale. Oppdragsavtalar legg til grunn ei arbeidsform som IT-Noreg - av gode grunnar - har gått bort frå gjennom dei siste 20 åra. Næringsgrunnlaget til sjølvstendige konsulentar er tufta på innleigeavtalar. Oppdragsavtalar er ikkje tilgjengelege for denne gruppa, og denne avtaleforma er heller ikkje attraktiv for sjølvstendig næringsdrivande konsulentar då dei vil få eit økonomisk ansvar for sluttresultatet.” Dagleg leiar i Folq har tidlegare skrive debattinnlegg i Finansavisen [2] som forklarer dette nærare og problematiserer at regjeringa ser ut til å legge til grunn at sjølvstendige IT-konsulentar skal inngå oppdragsavtalar for å selje sine tenester.
Arbeids- og inkluderingsministeren uttaler under Stortingets spørretime den 13. november 2024 [3]: “ Jeg vil som nevnt oppfordre både private og offentlige oppdragsgivere til å fortsette å kjøpe tjenester fra selvstendige rådgivere og konsulenter. Disse sitter på verdifull kompetanse og utgjør en viktig del av rådgiver- og konsulentnæringen. I rundskrivet til fellesføringer for 2024, i delen om redusert konsulentbruk i staten, ble det før sommeren presisert at offentlige oppdragsgivere bør utforme anbud slik at selvstendige rådgivere og konsulenter ikke ekskluderes fra å inngi bud.”
Folq har ikkje lykkast å finne fram til det nemnde rundskrivet til fellesføringer for 2024. Éi muleg tolkning av Brennas utsegn er at rundskrivet oppfordrar offentlege verksemder til å i større grad organisere innleigeforhold som oppdragsforhold. Dersom denne tolkninga er korrekt, vil dette føre til svært suboptimal utnytting av ressursar og påverke digitaliseringskrafta og -farta i offentleg sektor. Konsulentkjøparane må då planlegge oppdraga på førehand. Dette inneber at dei må gå bort frå etablert praksis med smidig produktutvikling. Offentlege verksemder vil også miste kontroll over utviklingsarbeidet, ettersom konsulentane skal leie seg sjølve i arbeidet, og stå ansvarlege for sluttresultatet. Dette blir ei dyr og byråkratisk ordning, som strider mot all praksis som har etablert seg basert på kontinuerleg lærdom gjennom dei siste 15-20 åra. Det vil også kunne føre til mindre motiverte fast tilsette utviklarar og designarar i offentleg sektor, ettersom ein går tilbake til ein metodikk som i dag blir oppfatta som ineffektiv og umoderne. Sjølvstendige konsulentar vil få ein aukt risiko i sitt arbeide, ettersom dei vil stå ansvarlege for sluttresultatet.

Andre unntak eller instruksar må leverast til konsulentkjøparar i perioden den partssamansette arbeidsgruppa jobbar
Folq er positive til oppretting av ei partssamansett arbeidsgruppe. Departementet har ikkje sett nokon dato for når denne arbeidsgruppa skal gå i gong med arbeidet (anna enn at dei “ antar at den vil kunne starte opp våren 2025”) - heller ikkje nokon frist for den partssamansette arbeidsgruppa til å legge fram opparbeidd kunnskap og forslag til varige løysingar. Folqs frykt er at dette vil ta lang tid, og fleire “AS meg selv” vil måtte leggast ned i perioden fram til nye forslag er diskuterte og implementerte.
Folqs klare innspel er at Departementet må handtere denne risikoen, for eksempel ved å gi ein tydeleg instruks via Arbeidstilsynet til alle landets konsulentkjøparar om at det ikkje vil medføre negative konsekvensar å leige inn sjølvstendige IKT-konsulentar (her bør også andre bransjar som er råka innlemmast) i perioden fram til den partssamansette arbeidsgruppa har ferdigstilt sitt arbeid, og regjering og Storting har handsama forslaga til løysingar.
Arbeids- og inkluderingsministeren har ved to høve, i Stortingets spørretime den 20. juni [4] og 13. november [3], oppfordra konsulentkjøparar til å halde fram å leige inn sjølvstendige konsulentar. Ut frå konteksten ministerens utsegn er lagt fram i, er det naturleg å tolke ministeren sine oppfordringar som at offentlege og private verksemder skal halde fram å leige inn sjølvstendige konsulentar som før. Oppfatninga frå mange er at Brenna oppfordrar konsulentkjøparar til å leige inn sjølvstendige konsulentar på ulovleg vis. Konsulentkjøparar er, naturleg nok, opptekne av å følge lovar og reglar. Dei legg ikkje til grunn ei muntleg oppfordring frå Arbeids- og inkluderingsministeren. Dei legg til grunn arbeidsmiljølova, med innleigereglar og presisering av arbeidstakarbegrepet. Fram til ein tydeleg instruks eller unntak er offisielt kommunisert, er det lite truleg at offentlege verksemder vil endre sin noverande praksis vedrørande innleige av sjølvstendige konsulentar.

Den partssamansette arbeidsgruppa må få breidt mandat
Folq er, som tidlegare nemnt, positive til oppretting av ei partssamansett arbeidsgruppe. Vårt innspel er at det er avgjerande at den partssamansette arbeidsgruppa får mandat til å foreslå varige løysingar som går breidare enn dei mykje omtala innleigereglane og godkjenningsordninga for bemanningsforetak.
Arbeids- og inkluderingsminister Tonje Brenna har uttalt seg om saka ved fleire høve, og basert på hennar utsegn, må ein tolke at hennar ærlege intensjon er å gjere dei grepa som er naudsynte for å bøte på problemet.
Det lét til at ei tolkning av presiseringa av arbeidstakarbegrepet i arbeidsmiljølova § 1.8 er underliggande for Departementets påpeiking om at tenestekjøp frå sjølvstendige konsulentar må organiserast som oppdrag eller direkte tilsetjing. All den tid det har blitt poengtert ved fleire høve, sist i høyringsnotatet, at det ikkje har vore Arbeids- og inkluderingsdepartementet og regjeringa sin intensjon å råke sjølvstendige konsulentar sine mulegheiter for å selje sine tenester, bør dette grepet vere ukontroversielt.

Den partssamansette arbeidsgruppa må ha breid representasjon frå konsulentmarknaden
Departementet foreslår oppretting av ei partssamansett arbeidsgruppe med “deltakelse fra hovedorganisasjonene i arbeidslivet.”
Her er Folqs klare innspel at den partssamansette arbeidsgruppa må ha breid representasjon frå ulike typar av aktørar i konsulentmarknaden. Som eit minimum må sjølvstendige konsulentar med eige aksjeselskap vere representerte, i tillegg til konsulentformidlarar og representantar frå små og mellomstore konsulentselskap. Dersom kun store konsulentselskap som er organiserte i arbeidsgivarorganisasjonane er representerte, vil arbeidsgruppa sine leveransar fargast av dette. Dei store konsulentselskapa ser problemstillingane frå eit heilt anna perspektiv enn sjølvstendige konsulentar, konsulentformidlarar og små og mellomstore konsulentselskap.

Konklusjon
Folq AS er positive til opprettinga av ei partssamansett arbeidsgruppe. Denne arbeidsgruppa må ha breid representasjon frå ulike aktørar i konsulentmarknaden og eit mandat som gir høve til å legge fram forslag til løysingar som går breidare enn innleigereglane og godkjenningsordninga for bemanningsforetak - eksempelvis til å gjere presiseringar eller unntak frå Arbeidsmiljølova § 1.8.
Det midlertidige unntaket frå godkjenningsordninga for bemanningsforetak løyser ikkje problemet for sjølvstendige konsulentar som opplever å bli utestengt frå konkurransen om innleigeoppdrag. Fram til den Stortinget og regjeringa har handsama forslag til varige løysingar på problematikken må Arbeids- og inkluderingsdepartementet gi ein tydeleg og offisiell instruks via høvelege instansar til landets konsulentkjøparar om at det ikkje vil medføre negative konsekvensar å leige inn sjølvstendige konsulentar.
Folq AS v/ Eldri Coll Mossige
[1]: https://www.stortinget.no/no/Hva-skjer-pa-Stortinget/Horing/visning-av-skriftlig-innspill/?dnid=45908&h=10005135
[2]: https://www.finansavisen.no/politikk/2024/03/21/8111547/regjeringen-forstar-ikke-hvordan-it-utvikling-foregar-i-2024
[3]: https://www.stortinget.no/no/Saker-og-publikasjoner/Publikasjoner/Referater/Stortinget/2024-2025/refs-202425-11-13?m=2#111020-1-2
[4] https://www.stortinget.no/no/Saker-og-publikasjoner/Publikasjoner/Referater/Stortinget/2023-2024/refs-202324-06-20/?m=10#111042-1-6