Omfang av leveringspliktige posttenester - høyring Dato: 16.03.2018 Svartype: Med merknad Fitjar kommune tek høyring om endringar i Postlova og Posten sin omdelingsfrekvens til vitande. Fitjar kommune stør i hovudsak dei vurderingar departementet har gjort med omsyn til omdelingsfrekvens, men har likevel følgjande merknader: Ei omlegging til postombering mindre enn 5 dagar kvar veke må leggja til grunn at posten blir levert til faste dagar kvar veke. Fitjar kommune ynskjer minimum 3 dagar kvar veke. Det bør kartleggast om endringar i omdelingfrekvens slår systematisk skeivt ut opp mot avisdistribusjon, det er då særskilt interessant å sjå korleis endringa slår ut for mindre lokalaviser der føresetnader for eigne distribusjonskanalar er lite hensiktsmessig eller urimeleg kostnadskrevjande. Fitjar kommune vil i den samanheng peika på at særordning med omdeling av aviser på laurdagar kan opphøyra, dei midlane som vert frigjort ved ei slik endring bør nyttast til å kompensera eventuelle systematiske skeivheiter i avismarknaden. Ei redusert postomdeling vil verta utfordrande for næringslivet, og vanskeleggjera framføring av medisin og biologiske prøvar. Post minimum 3 dagar kvar veke til faste tider vil redusera ulempene med dette. I høve til sending av biologiske preparat bør det sikrast at helseføretaka får plikt til å gje tilbod om frakt for alle legekontor som naturleg soknar til det aktuelle føretaket, tilsvarande for spesialiserte laboratorietenester slik som ved Rikshospitalet. Fitjar kommune er positiv til at det vert lagt til rette for dagleg omdeling til postboksar og at det vert skaffa heimel for å gje pålegg om slikt tilbod ved alle faste ekspedisjonsstader. Prisen for leige av postkasse må ikkje vera urimeleg høg. For å sikra dette må tenesta om nødvendig subsidierast. Det er viktig at det vert oppretthalde ein naudsynleg tal ekspedisjonsstader, minimum ein i kvar av dagens kommunar. Samferdselsdepartementet Til høringen Til toppen <div class="page-survey" data-page-survey="133" data-page-survey-api="/api/survey/SubmitPageSurveyAnswer" data-text-hidden-title="Tilbakemeldingsskjema" data-text-question="Fant du det du lette etter?"