Vedtak i Kommunestyret KOM sak 016/18
Gulen kommune ser at det ut frå økonomiske omsyn kan argumenterast
for å endre omfanget av leveringspliktige posttenester i Norge. Slike omsyn kan likevel ikkje vere einaste grunn til gjennomføring av endringar.
Gulen kommune viser til at det i spreiddbygde område med lange avstandar og vanskeleg topografi, vil vere vanskeleg for mange å nytte postboks for å ta imot daglege postsendingar. For avisene kan redusert postutdeling få stor betydning. Det kan vere vanskeleg å tilpasse seg ei utlevering annankvar dag, som vil bety man–ons–fre ei veke, og tirs–tors neste. Abonnentar vil få dagsgamle aviser, noko som ikkje er særleg attraktivt. Særleg for dei minste lokalavisene kan nedgang i tal abonnentar føre til nedlegging.
I eit område med lange avstandar til nærmaste poststad, vert posten ofte nytta til utsending av medisinar. For desse postbrukarane vil redusert postombering medføre redusert velferdsnivå. I høyringsnotatet vert det peika på at det finst kommersielle ekspresstilbod med levering over natt som kan erstatte bortfall av posttenester, men slike tenester vil medføre ei betydeleg fordyring av tenestene for dei mest perifere brukarane.
Det må oppretthaldast ei ordning som gjer at biologisk materiale frå legekontor,dyrlege og andre, som vert sendt med post vert sikra leveranse 5 dagar pr. veke. Dette er veldig viktig for distriktet for å oppretthalde gode, likeverdige helsetilbod.
Gulen kommune kan difor ikkje, ut frå distriktspolitiske og velferdsmessige grunnar,akseptere eit redusert omfang av leveringspliktige posttenester som vil slå negativt ut for distrikta.