Høyringsuttale frå Høyanger kommunestyre - ny postlov Dato: 04.04.2018 Svartype: Med merknad Samferdsledepartementet har sendt utkast til endringar i postlova på høyring. Fire ulike frekvensar for utdeling av post er omtala: · Ein omdelingsdag i veka i heile landet · 2,5 omdelingsdagar i veka i heile landet (3 dagar eine veka og 2 dagar andre veka) · 5 omdelingsdagar i spreiddbygde strok og 2,5 dagar i tettbygde strok · Som no: 5 omdelingsdagar i veka i heile landet. Høyanger kommunestyre vil med dette gi uttrykk for si otte kring redusert postombering. Å redusere postomberinga frå 5 dagar i veka til anna kvar dag, vil først og fremst råke distrikta og folket som bur der. Det vert argumentert med at stadig færre nyttar Posten sine tenester, men det er likevel mange som nyttar seg av posten, og talet på sendte pakkar aukar stadig. Det vert også sendt mange «medisinsendingar», viktige laboratorieprøvar og prøvesvar. Dette er i mange høve livsviktige sendingar for folk. Dei som sender er også avhengig av at sendinga kjem fram i ein slik tilstand at ein t.d. kan analysere prøvar på sjukehus og laboratorium, før prøvane vert for gamle og vert øydelagde. Eit anna faktum er at dette vil få konsekvensar for distribusjon av lokalaviser, og vert ei ekstra utfordring for aktørar i ein bransje som allereie er under press. Digitalisering og lønsemd er årsaka til at regjeringa vil endre på distribusjonen. Ein reduksjon i frekvensen for postombering vil i stor grad råke næringsliv, helseinstitusjonar og folk flest i distrikta. Vi har framleis ein lang veg å gå før alle innbyggjarane i Noreg har tilgang til breiband med høg hastigheit, og dermed kan ta i bruk dei nye digitale tenestene. Det skal bu folk i heile landet, og då må infrastrukturen leggjast til rette for dette. På bakgrunn av dette krev eit stort fleirtal i Høyanger kommunestyre (19 av 21), at posten får rammer og finansiering til å halde fram med postombering 5 dagar i veka i distriktet. Samferdselsdepartementet Til høringen Til toppen <div class="page-survey" data-page-survey="133" data-page-survey-api="/api/survey/SubmitPageSurveyAnswer" data-text-hidden-title="Tilbakemeldingsskjema" data-text-question="Fant du det du lette etter?"