🏠 Forside § Lover 📜 Forskrifter 💼 Bransjeforskrifter 📰 Lovtidend 🏛 Stortingsvoteringer Domstoler 🇪🇺 EU/EØS 📄 Siste endringer 📚 Rettsomrader 📊 Statistikk 🔍 Avansert sok Hjelp
Hjem / Horinger / Horing / Horingssvar
Regjeringen Med merknad
Til horingen: Høring - forslag om endringer i stedsnavnloven

Torfinn Normann Hageland

Departement: Familiedepartementet
Rett til vedtak om stadnamn Dato: 20.12.2017 Svartype: Med merknad Dei statlege namnekonsulentane burde ta den endelege avgjersla om absolutt alle stadnamn, etter å ha fått tilsendt framlegg frå kommunen. Grunnen er at kommunen oftast har for liten fagleg bakgrunn for å ta den endelege avgjersla. Kommunen vil oftast gå minste motstands veg med å bruka danskskrivne, vrangskrivne eller populære utover-este namn. Til dømes ville då det utover-este "Overhalla" ha vunne over det nedervde namnet "Ranemsletta". Det er også uheldig at til og med nynorsk-kommunar har vedteke -veien framfor -vegen. Grunneigaren må ikkje lenger ha rett til å avgjera skrivemåten av bruksnamn og heller ikkje ha rett til å uttala seg. Når grunneigaren har eit slektsnamn som er omsett til dansk, eller som er språkhistorisk feil, vil han som oftast krevja denne skriveforma også som bruksnamn og gardsnamn, og så vil den norske nedervde namneforma døy ut. Det vil bli eit nasjonalt tap. Det lokale sogelaget (historielaget) burde også bli høyringsinstans, for der finst det ofte medlemer med sans for lokalhistorie, jf. den gongen då "Ranemsletta" vann over "Overhalla".        Kultur- og likestillingsdepartementet Til høringen Til toppen <div class="page-survey" data-page-survey="133" data-page-survey-api="/api/survey/SubmitPageSurveyAnswer" data-text-hidden-title="Tilbakemeldingsskjema" data-text-question="Fant du det du lette etter?"