🏠 Forside § Lover 📜 Forskrifter 💼 Bransjeforskrifter 📰 Lovtidend 🏛 Stortingsvoteringer Domstoler 🇪🇺 EU/EØS 📄 Siste endringer 📚 Rettsomrader 📊 Statistikk 🔍 Avansert sok Hjelp
Hjem / Horinger / Horing / Horingssvar
Regjeringen Med merknad
Til horingen: Høring om endringer i forskrift om tildeling av utdanningsstøtte for undervisnin...

Ungdomspolitisk utval i Sogn og Fjordane

Departement: Kunnskapsdepartementet
Endringar i bortebuarstipendet Dato: 11.11.2017 Svartype: Med merknad Ungdomspolitisk utval i Sogn og Fjordane meiner at grensa for å få bortebuarstipend ikkje burde aukast til 60 kilometer, slik det er foreslått i høyringsnotatet. Sogn og Fjordane er eit av dei fylka med størst del hybelbuarar i høve til elevmassen, derfor fryktar vi at dette forslaget særskild kjem til å ramme oss i distrikta.  I tillegg kan ein også argumentere for at dette forslaget vil øydeleggje for prinsippet om heiltidseleven. Dersom elevar blir naud til å ta opp lån eller jobbe ved sidan av studiet sitt, vil dette vere problematisk for mange. Alternativet til å ta opp lån eller å jobbe vil i så fall vere at ein må bu heime. I eit fylke som Sogn og Fjordane kan dette fort bety at ein må pendle godt over tre timar kvar dag. Kunnskapsdepartementet Til høringen Til toppen