Om framlegg til endringar i vassføresegna og naturmangfoldlova Dato: 08.01.2018 Svartype: Med merknad Bygland kommune går sterkt mot foreslåtte endringar i naturmangfaldslov og vassføresegna. Det er uforståeleg for oss at det vert lagt opp til å koble frå regionalt folkevald nivå i dette. Særleg av di Regional plan etter plan- og bygningslova er godt egna til å fremme sektorovergripande og heilskapleg vassforvaltning. Det må og nemnast at det er svært merkeleg at ein legg opp til å ta denne oppgåva bort frå regionalt folkevald nivå, samstundes som storting og regjering arbeider for å overføre fleire oppgåver og meir mynde frå staten til regionalt folkevald nivå. Bygland kommune sluttar seg elles til høyringsuttaler frå Aust-Agder fylkeskommune, Bykle kommune, Valle kommune og Setesdal Regionråd. Med venleg helsing Leiv Rygg Langerak Ordførar Klima- og miljødepartementet Til høringen Til toppen <div class="page-survey" data-page-survey="133" data-page-survey-api="/api/survey/SubmitPageSurveyAnswer" data-text-hidden-title="Tilbakemeldingsskjema" data-text-question="Fant du det du lette etter?"