🏠 Forside § Lover 📜 Forskrifter 💼 Bransjeforskrifter 📰 Lovtidend 🏛 Stortingsvoteringer Domstoler 🇪🇺 EU/EØS 📄 Siste endringer 📚 Rettsomrader 📊 Statistikk 🔍 Avansert sok Hjelp
Hjem / Horinger / Horing / Horingssvar
Regjeringen Med merknad
Til horingen: Høring om endringer i spesialisthelsetjenesteloven og helse- og omsorgstjenestel...

Seksjon for spesialisthelse, Statsforvaltaren i Vestland

Departement: Familiedepartementet 1 seksjoner

Høyringsuttale - Endringar i spesialisthelsetenestelova og helse- og omsorgstenestelova - godkjenning av verksemder mv

Statsforvaltaren i Vestland viser til utsendt høyringsbrev mottatt 03.12.2024; «Høring om endringer i spesialisthelsetjenesteloven og helse -og omsorgstjenesteloven – godkjenning av virksomheter mv.»

Vårt innspel i denne samanheng er i hovudsak knytt til endring av spesialisthelsetenestelova § 4-1 og utarbeiding av ny godkjenningsordning for verksemder som skal yte spesialisthelsetenester.

Vi meiner det er mykje lærdom å hente frå erfaringar etter tidlegare ordning. Oppfølging og kontroll både ved, og etter, godkjenning av nyetableringar og utvidingar av eksisterande private verksemder, meiner vi bør vere sterkare. Vi meiner at vilkåra for godkjenning må omfatte konkrete krav knytt til sjølve helsehjelpa som skal ytast, og vidare at verksemdene følgjast opp etter innvilga godkjenning.

Vår uttale tek utgangspunkt i erfaringar frå tilsyn med private verksemder med godkjenning frå Helfo til å yte spesialisthelsetenester i tida før avvikling av tidlegare godkjenningsordning. Det vart under desse tilsyna avdekt tilhøve som vi meiner viste at regelverket for kontroll og styring av desse verksemdene var utilstrekkeleg. Sjølv om godkjenningsordninga stilte krav til mellom anna minimumsbemanning og fagleg kompetanse, var det lite kontroll med inntak, drift og den faktiske helsehjelpa som vart gitt. Dette resulterte tidvis i offentleg finansierte tenester av låg kvalitet.

Tidlegare godkjenningsordning gav helseføretaka betydelege meirutgifter utan at dei hadde innverknad på korleis ressursane vart nytta, eller kunne påverke innhaldet i behandlinga. At private aktørar no etter 01.01.2023 må ha ein avtale med eit regionalt helseføretak for å kunne levere offentleg finansierte spesialisthelsetenester, gir, slik vi ser det, moglegheit for betre styring på helseføretaket sine premissar. Det er likevel ingen krav for godkjenning av private verksemder per no, og med bakgrunn i våre erfaringar, finn vi det hensiktsmessig med etablering av ei ny og betre godkjenningsordning og støttar difor forslaget.

Vi ser at det i høyringsnotatet står at departementet vil kome tilbake til dei konkrete økonomiske og administrative konsekvensane av ei ny godkjenningsordning, men at det i ny ordning vil leggast vekt på å innhente synspunkt frå helseføretaka og dei regionale helseføretaka ved vurderingar av om godkjenning skal gis. Tilsvarande vil det ved etablering av godkjenningsordning for verksemder som tilbyr primærhelsetenester, innhentast synspunkt frå kommunar. Vi er bedne om å uttale oss til om dette bør lovregulerast.

Vi ser kunnskapen kommunane og helseføretaka har som ein premiss for at godkjenningsordninga skal fungere i tråd med intensjon, og meiner difor at også dette bør lovregulerast.

seksjonsleiar, Spesialisthelse / ass.fylkeslege

Statsforvaltaren i Vestland

Hilde Barstad Sørheim

seniorrådgjevar, Spesialisthelse

Statsforvaltaren i Vestland