Konsekvensar for personar med nedsett funksjon
Personar med nedsett funksjon har komplekse og langvarige behov som krev spesialisert rehabilitering. Disse tenestene vert levert i stor grad av mindre verksemder som har opparbeidt unik kompetanse og tilbyr skreddarsydde løysningar. Innskrenking av aktørmangfaldet vil kunne redusere tilgjengelegheita til slike tenester og forverre situasjonen for ein pasientgruppe som allereie opplever betydelege utfordringar i å få riktig rehabilitering til riktig tid.
Berekrafta i helse- og omsorgstenestene
RMNF i VLFK er bekymra for at for strenge krav kan føre til at små aktørar forsvinner frå marknaden. Dette kan skape eit ytterlegare press på offentlege helse- og omsorgstenester, med økt risiko for lengre ventetider og svekket rehabiliteringstilbod. For å oppnå eit berekraftig helsevesen må man sikre balanse mellom kvalitetskrav og tilgangen til mangfaldige tenester.
Behov for fleksibilitet for små aktørar
RMNF i VLFK meiner det er avgjerande å legge til rette for fleksibilitet i regelverket for små aktørar som driver spesialisert rehabilitering. Disse verksemdene spiller ei uerstatteleg rolle for mange pasientgrupper, og det er viktig at de får moglegheita til å tilpasse seg krava utan å risikere nedlegging. Dette kan for eksempel verte gjort gjennom overgangsordningar, tilpassa krav og økonomiske støtteordningar for kvalitetsheving.