Evaluering av LLR - utviding av rapporteringssystem, harmonisering og materialitetsgrense-fjerning Dato: 07.12.2017 Svartype: Med merknad Fellesrådet for Afrika takkar for høvet til å levere høyringsinnspel på Deloitte si evaluering av LLR-regelverket. LLR er eit verktøy opphavleg utforma for å synleggjere uønska, aggressiv skatteplanlegging. Som Mbeki-kommisjonen for kapitalflukt frå det afrikanske kontinentet konkluderte med i 2016 er finansielt hemmeleghald eit afrikansk problem med globale løysingar. Det påkviler difor Norge eit ansvar å gå i front for å skape ein rapporteringsmal som fungerer etter formålet og let seg eksportere internasjonalt. Vi viser til Tax Justice Network - Norge og Publish What You Pay Norge sine høyringsinnspel, som i stort oppsummerer Fellesrådet for Afrika sine innvendinger. Vi tillet oss likevel å summere vårt hovudbodskap og innspel til det vidare arbeidet med rapporteringa. 1. Rapporteringskretsen må utvides for at LLR skal fungere etter sitt opphavlege formål om å hindre aggressiv eller ulovleg skatteplanlegging. Det er synd at evalueringa ikkje tek stilling til dette, gitt signal frå departementet. Samtlige sektorar bør innlemmas i rapporteringa. 2. Vi støtter PWYPs forslag til korleis smutthol i rapporteringa kan tettast. 3. Endringar i rapporteringa bør på dette tidspunktet handle om harmonisering, vegleiing og tydeleggjering, ikkje oppsplitting etter delformål. Finansdepartementet Til høringen Til toppen <div class="page-survey" data-page-survey="133" data-page-survey-api="/api/survey/SubmitPageSurveyAnswer" data-text-hidden-title="Tilbakemeldingsskjema" data-text-question="Fant du det du lette etter?"