Krav om sensorrettleiing til alle eksamenar
Studentomboda er i utgangspunktet ikkje involverte i reine karakterklagar. Me har likevel sett ei uro blant studentar knytt til om tilnærminga til dei ulike sensorane er lik. Desse sakene endar gjerne opp som saker om formell feil i samband med sensuren. Eit krav til sensorrettleiing vil slik me ser det styrka sensuren og gjera utfallet meir føreseieleg, samstundes som at det gir institusjonane meir kontroll over kva sensorane vil leggja vekt på. Dette er særleg viktig i fag med sensorar som ikkje har teke del i undervisninga og ikkje har tilknyting til miljøet som gjennomfører kurset.
Slik me ser det vil eit slikt krav bidra til å unngå utanforliggjande omsyn som sensor sjølv meiner er viktig, men som eksaminator ikkje har teke omsyn til i undervisninga eller kurset elles. Dette vil igjen vera med å motverka spriket mellom fyrstesensur og klagesensur, då sensorane i større grad vil leggja til grunn dei same krava.

Skriftleg vs. munnleg grunngjeving for sensur
Slik me ser det må dei generelle krava til sakshandsaming i forvaltningsloven i så stor grad som mogleg liggja til grunn for all sakshandsaming retta mot studentar, anten dei er knytt til ein privat eller offentleg institusjon.
Skriftleg grunngjeving saman med karakteren vil bidra til å gjera karaktervedtaket meir likt eit tradisjonelt forvaltningsvedtak. I tillegg vil studenten då får grunngjevinga utan opphald vil dette ha ein funksjon overfor sensor som aktivt må grunngje utfallet av sensuren medan han eller ho sensurerer. Dette vil truleg, saman med sensorrettleiing, bidra til ein meir presis sensur.
Det er vår vurdering av departementet gjer rett i å tilrå ei klargjering som understrekar at det skal vera opp til institusjonane å avgjera om grunngjevinga skal vera skriftleg eller munnleg.
Det å implementera same rettstryggleiksgarantiar som gjer seg gjeldande elles i forvaltninga er slik me ser det eit viktig tiltak for å sikra ein forsvarleg sensur. Departementet bør difor vurdera om utgangspunktet skal vera skriftleg grunngjeving som kjem samstundes med at sensuren er klar.
Saman med sensorrettleiing vil skriftleg grunngjeving gje studentane eit betre grunnlag for å vurdera karaktervedtaket.

Tiltak mot store karakteravvik
Me ser positivt på departementet tek tak i denne problemstillinga, då avvika synleggjer systemsvikt og dårleg sensur. Institusjonane er ansvarlege for å peika ut sensorar og dette tiltaket vil stilla institusjonen meir aktivt ansvarlege for kven dei vel som sensorar. Det er difor avgjerande at dei vert stilt ansvarlege når sensorane ikkje legg til grunn same standard. Det bør vurderast om NOKUT skal ha ei meir aktiv rolle i denne typen problemstillingar.
Slik me ser det bør departementet avklara kva spelerom det vil vera i denne vurderinga knytt til om det vil vera avgrensa til eitt av dei to alternativa, eller vil det vera opning for ein tredje veg.

Klage på gruppeeksamen
Slik me ser det er det allereie i dag ein individuell klagerett for gruppemedlemmar etter universitets- og høyskoleloven sett opp mot dei allmenne reglane for klage i forvaltningsloven. Denne problemstillinga har likevel kome på spissen ved ei rekkje tilfelle. Me har notert at praksisen mellom institusjonane er ulik når det kjem til om det skal vera individuell klagerett på gruppeeksamenar. Dette kjem truleg som ein følgje av at departementet har gått langt i å seia at det er opp til institusjonane å avgjera om einskilde gruppemedlemmar skal ha klagerett.
Denne innskrenkinga i klageretten er uheldig og det er difor viktig at det vert lagt opp til ei avklaring på dette punktet som sikrar individuell moglegheit til å klaga. Særleg med tanke på at arbeid i grupper vert meir og meir vanleg. Me er difor positive til denne presiseringa.
Departementet bør likevel seia noko eksplisitt om kva rettstilstanden er for gruppemedlemmar som ikkje klagar i det tilfellet at andre medlemmar av gruppa har klaga og fått høgare karakter.