Dato: 20.01.2025 Svartype: Med merknad Høyring om endringar i helsetilsynslova mv. og oppheving av lov om Statens undersøkingskommisjon for helse- og omsorgstenesta. Høyringssvar frå Helse Bergen HF, Haukeland universitetssjukehus. Haukeland universitetssjukehus viser til Helse- og omsorgsdepartementet sin invitasjon til å svare på høyring om endringar i helsetilsynslova mv. og forslag om å oppheva lov om Statens undersøkingskommisjon for helse- og omsorgstenesta. Høyringssaka har vore handsama med involvering av sjukehuset sitt sentrale Kvalitets- og pasienttryggleiksutval. Den offentlege helse- og omsorgstenesta er avhengig av god kapasitet og kvalitet for å ha tillit i befolkninga, men også av at tenesta blir følgt opp av tilsyn på ein open og føreseieleg måte. Helsepersonell må stå i mange risikofylte situasjonar, og ofte ta avgjerder og handle under usikre forhold. Eit godt system for tilsyn med tenestene bidrar til at vi vil melde, undersøke, og lære av feil og uønskte hendingar. Det er derfor viktig at tilsynet er innretta slik at det bidrar til overordna læring og forbetring i helse- og omsorgstenesta, framfor å plassera skyld og ansvar. Vidare må ein ta omsyn til ressursbruken i tilsynsmakta, og gjere det mest mogleg oversiktleg og effektivt for verksemdene å følgje opp meldeplikter og andre lovkrav som følgjer av tilsynsordninga. Haukeland universitetssjukehus støttar regjeringa si avgjerd om å slå saman Statens helsetilsyn (heretter Helsetilsynet) og Statens undersøkingskommisjon for helse- og omsorgstenesta (heretter Ukom), slik at Ukom organisatorisk blir ein del av tilsynet. Ukom har arbeidd etter andre metodar enn Helsetilsynet og statsforvaltarane, og vi ser at fagmiljøet i Ukom kan ha tilført verdifulle element til dei statlege tilsynsordningane. Særleg har vi merka oss at Ukom har vore flinke til å involvere pasientar, brukarar og pårørande i arbeidet. Vi meiner Ukom sine metodar kan innarbeidast i den samanslåtte tilsynsordninga, og gje positive verknader når meldeordninga skal bidra til læring og forbetring framfor kontroll og sanksjonar. Vi er difor einige i at ein slik samorganisering vil gje endå betre utgangspunkt for læring og forbetring i helse- og omsorgstenesta og forenkla meldeordninga med éin overordna statleg aktør. Vi støttar også forslaget om oppheving av lov om Statens undersøkingskommisjon for helse- og omsorgstenesta og er i det store og heile einig i dei andre forslaga til endringar. I det vidare høyringssvaret vil vi presentera våre vurderingar og gje konkrete tilbakemeldingar på utvalde forslag. Meldeordning Haukeland universitetssjukehus er samde i at ei nasjonal meldeordning bør innrettast slik at ho bidreg til læring og forbetring på tvers i helse- og omsorgstenesta. Vi er positive til å lovfesta plikter for verksemdene til samhandling. Det må sikrast at teieplikta ikkje er til hinder for ei slik samhandling. Det bør konkretiserast korleis oppfølging av meldingar som inkluderer fleire verksemder kan ivaretakast, her under private verksemder. I arbeidet med ny meldeordning i helse- og omsorgstenesta etterlyser vi ei drøfting av rolla til politiet når det skjer alvorlege hendingar. Erfaringa vår er at det samla trykket på tenesta når det er mange ulike aktørar som skal vurdere same sak, er betydeleg og krevjande for involvert helsepersonell og leiarar å stå i. Samtidig med intern gjennomgang og gransking for læring og forbetring i tenesta, tilsynsmakta sitt arbeid og politiet si etterforsking skal det same fagmiljøet der hendinga har skjedd halde fram i sitt daglege arbeid med å gi helsehjelp. Betre samordning mellom tilsynsmakter og politi i desse få, men svært alvorlege tilfella bør vurderast. Haukeland universitetssjukehus meiner det er eit klokt grep at helse- og omsorgstenesta skal ta større ansvar for å gjennomføre og dokumentere læring og forbetring gjennom arbeid med alvorlege hendingar, og at ei viktig oppgåve for tilsynsmakta er å støtte opp om dette arbeidet. Dette føreset at helse- og omsorgstenesta har kompetanse på blant anna årsaksanalysar, risikostyring og forbetringsarbeid. Haukeland universitetssjukehus meiner vidare at det er positivt at fristen for melding av uønskte hendingar blir endra frå «straks» til «snarest mulig”, men er usikre på om det bør vera ein absolutt frist på fem arbeidsdagar i lovteksten. Vi meiner det bør presiserast at fristen startar når ein blir klar over at hendinga er omfatta av meldeplikta. Dette kan vise seg seinare enn fem dagar etter hendinga, til dømes ved resultatet av intern gjennomgang, ulike diagnostiske undersøkingar eller medisinsk obduksjon. Haukeland universitetssjukehus støttar også at rapport skal sendast statsforvaltaren innan tre månader og at det blir lovfesta minstekrav til innhaldet i rapporten. Dette vil bidra til standardisering av saksoppfølginga både frå verksemdene og statsforvaltarane. Fristen på tre månader føreset at helse- og omsorgstenesta i enkelte saker kan be om utvida frist, dersom det er behov for dette. Haukeland universitetssjukehus vil derimot ikkje støtte forslaget om å utvide meldeordninga til å omfatte «nesten-alvorlige hendingar» før det er gjort ei grundig vurdering av om nytten av å inkludere desse klart overstig ulempene ved auka ressursbruk, jf. prioriteringskriteria for helsetenesta. Dette kan til dømes vurderast etter at dei andre foreslåtte lovendringane har vore i kraft ei tid. “Uventet ut fra påregnelig risiko” vs. «kunne vært unngått»” Haukeland universitetssjukehus sitt synspunkt er at hovudkriteriet for å utløyse meldeplikta framleis bør vere «uventet ut fra påregnelig risiko». Kriteriet er innarbeida i helse- og omsorgstenesta og peikar mot situasjonar der det er behov for endring og tiltak. Vi visar til dei vurderingane som departementet gjorde i samband med Prop. 100 L (2012–2013) Endringer i pasient- og brukerrettighetsloven mv. (styrking av pasienters, brukeres og pårørendes stilling m.m.), pkt. 6.3, som vi er heilt samde i: «Det at pasienter dør på sykehus, eller ikke blir helt friske, er en naturlig del av livet og en sykehushverdag. Det å bli behandlet for alvorlig sykdom vil alltid innebære en viss risiko og risikoen vil variere. For eksempel kan det ved noen operasjoner være en viss risiko for blodpropp til tross for at alle forhåndsregler er tatt. Dersom pasienten likevel får blodpropp er dette selvsagt uønsket, men hendelsen er ikke uventet i forhold til påregnelig risiko. Pasienter og pårørende skal selvsagt ha informasjon om skaden i slike tilfeller og dette er allerede lovregulert. Etter departementets vurdering vil det imidlertid være lite hensiktsmessig dersom helse- og omsorgstjenesten i slike tilfeller også skal informere om hvilke tiltak helse- og omsorgstjenesten vil iverksette for at lignende hendelse ikke skal skje igjen. Det er viktig å skille mellom hendelser som kunne vært unngått og hendelser som er innenfor «påregnelig risiko.» Plikter som pålegges helse- og omsorgstjenesten bør være hensiktsmessige og ikke for omfattende slik at hensikten bak bestemmelsen utvannes. Bestemmelsen skal omhandle skader og dødsfall i helse- og omsorgstjenesten, utover slike som er påregnelige ut ifra pasientens tilstand og den risiko som følger av nødvendige undersøkelser eller behandling. Det å la alle uønskede hendelser i helse- og omsorgstjenesten omfattes av en slik plikt vil derfor ikke være relevant.» Haukeland universitetssjukehus er samde med departementet om at formuleringa «kunne vært unngått» kan gje eit inntrykk av etterpåklokskap, og dessutan at spørsmålet om ei hending kunne vore unngått i større grad føreset at det er konkludert allereie før verksemda har undersøkt hendinga og skrive rapporten. Vi er bekymra for at kriteriet «kunne vært unngått» vil kunne resultere i at langt fleire hendingar blir meldt inn, også hendingar som ikkje nødvendigvis er relevant for læring og forbetring, og at verksemdene difor ikkje har ressursar til å følgja godt opp situasjonar med høg risiko der det er størst behov for tiltak og endring. Dersom ein vel kriteriet «kunne vært unngått» meiner vi at det må presiserast i lovteksten at det gjeld hendingar som det med rimelegheit er mogleg å førebyggje. Involvering av pasientar, brukarar og pårørande Haukeland universitetssjukehus støttar i det store og heile foreslåtte endringar i pasient- og brukarrettslova. Det er positivt at pasientar, brukarar og næraste pårørande sine behov for vidare oppfølging etter alvorlege hendingar blir presisert i lova. Involvering av pasientar, brukararar og pårørande er ei viktig kjelde til læring og forbetring i helse- og omsorgstenesta. Oppfølging er også eit tema i Guide for ivaretakelse av pasienter, brukere, pårørende og medarbeidere ved uønskede hendelser – Helsedirektoratet. Nasjonalt register for alvorlege hendingar og nesten alvorlege hendingar Høyringsnotatet inneheld vurdering av forslaget frå utvalet om å etablere eit nasjonalt register for alvorlege hendingar og nesten alvorlege hendingar. Departementet ser det som formålstenleg med eit slikt register, og har gitt Helsedirektoratet i oppdrag å greie ut og fremje forslag til korleis eit nasjonalt register for alvorlege hendingar og andre hendingar ein kan lære av, kan etablerast. For at eit nasjonalt register for hendingar skal fungere meiner vi at det er viktig med ei nasjonal kategorisering av hendingane som skal rapporterast til registeret. Arbeidet med å utvikle Norsk kodeverk for uønskte pasienthendingar (NOKUP) bør derfor førast vidare. Rapporteringsbyrda i helse- og omsorgstenesta er betydeleg, og dersom ein skal pålegge tenesta endå ei rapportering, må byrden bli minst mogleg – jamfør omtalen av tidstjuvar i Helsetalen for 2025. Eit nasjonalt register for alvorlege hendingar bør difor kunne nytte data frå dei IKT-støttesystema vi allereie nyttar til melding og handsaming av uønskte hendingar lokalt i verksemdene, og ikkje pålegge helsepersonell nokon dobbeltrapportering. Haukeland universitetssjukehus kan ikkje støtte innføring av nok eit rapporteringssystem som krev ekstra tid og ressursar frå helsepersonell eller andre tilsette i helsetenesta. Vidare må verksemdene sjølv kunne nytte data frå det nasjonale registeret til analyse, læring og forbetring. Med venleg helsing Marta Ebbing, fagdirektør Forsking- og utviklingsavdelinga Gunnhild Mykkeltvedt, spesialrådgjevar Pasienttryggleik Helse- og omsorgsdepartementet Til høringen Til toppen <div class="page-survey" data-page-survey="133" data-page-survey-api="/api/survey/SubmitPageSurveyAnswer" data-text-hidden-title="Tilbakemeldingsskjema" data-text-question="Fant du det du lette etter?"