Utgangspunktet er dagens praksis med gruppeinndeling av mindre fiskefartøy etter lengde. Det er eit ønske om å videreføre desse gruppeinndelingsgrensene også i Eidesensutvalgtets utredning NOU 2016:26, «Et fremtidsrettet kvotesystem». Hensikten er å hindre ei utvikling mot at kvotesalg «oppover» fører til for stor konsentrasjon av større fartøy, samt å gi fartøya i dei respektive gruppene like konkurransevilkår ved å gruppere dei etter størrelse og fangstkapasitet.
Dagens grenser går i lengde på 11, 13, 15, 21 og til dels 28 meter, der særleg grensene på 11 og 15 meter er viktige.
Dagens grenser går i lengde på 11, 13, 15, 21 og til dels 28 meter, der særleg grensene på 11 og 15 meter er viktige.
Problemer med dagens regler:
Dagens praksis med lengdeavgrensing i meter er problematisk på mange vis. Det fungerer dårleg med berre lengde som kriterium for mål av størrelse av tredimensjonale objekt. Oppdeling og avgrensing etter størrelse er hensikten og årsaken til lengdegrensene. Styresmaktene vil ha eit system som kan dele fartøya inn i grupper etter størrelse og nokonlunde etter fangstkapasitet. Men ein båt er som det meste i denne verden tredimensjonal, og ei reell størrelsesavgrensing må da ta omsyn til både lengde, bredde og høgde.
Med kun lengde som grense, har det vorte slik at det konstrueres og bygges «paragrafbåtar» der bredde og høgde esar ut til langt over det som er hensiktsmessig og fornuftig. Etterkvart som denne ukontrollerte utviklinga held fram, får fartøya form og fasong som gjer at dei vert dårlege sjøbåtar og ikkje minst får ei skrogform som er svært tungdreve. Dei krever voldsomt med kraft for å drivast fram. Etterkvart vert dei så korte i høve til bredde og høgde at dei stangar og stuker stygt i sjøen. På last ligg dei uhyggelig tungt på nasen. Stygge som nøkken blir dei også, og dette er ikkje berre smak og behag, naturen likar også fine strømlinjeformer. Det gir energieffektive former og bedre evne til smidig framdrift i både godt og særleg dårleg vér. Dermed også mindre påkjenning på skrog og mannskap, noko som også er ein trivsel og sikkerhetsfaktor.
Eit anna problem er at det blir stadig meire openbart at dagens situasjon med kun lengdegrenser fører til omgåelse av intensjonen med besetningens sertifikatkrav pga. fartøygrenser i meter i staden for tonnasje. Problemet med fartøy som reelt sett blir stadig større og større kan føre til gjeninnføring av tonnasjegrenser og målebrev, også for mindre fartøy. Sjøfartsdirektoratet vil truleg sjå på dette , også for fiskefartøy.

Vi er best,- og verst..
Som ein sjøfartsnasjon og eit båtbyggarland kan vi no gremmes og sjå den skjærande konstrast mellom store og små fiskefartøy. Vi ser kor elegante og flotte design vi har på større fartøy. Noreg er verdenskjendt som den nasjon som har dei finaste, og meste effektive skrog og flottaste fartøydesign når det gjeld fartøy utan lengde som avgrensing. Til samanlikning har vi verdast styggaste og minst energieffektive, minst tilpassa naturelementa, minst harmoniske fartøy under 15 meter (21m-28m), - fordi lengde er einaste størrelsesavgrensing.
Slik kan vi ikkje vera bekjent med å ha det.
Slik kan vi ikkje vera bekjent med å ha det.
Registertonn som avgrensing:
Større fartøy blir uansett målt og må ha målebrev. Dermed kunne det vera praktisk å bruke brutto registertonn som parameter for alle. Men for fartøy under dagens målekrav på 15 meter vil det føre til fordyrende byråkratisk meirarbeid. Dessuten kan dette tilpasses , altså paragrafbåtar på nytt, som var eit stort problem i det gamle oppmålingsregelverket. Derfor så bør neppe den nye avgrensinga gå i registertonn, men den må likevel vera knytt til volum.