🏠 Forside § Lover 📜 Forskrifter 💼 Bransjeforskrifter 📰 Lovtidend 🏛 Stortingsvoteringer Domstoler 🇪🇺 EU/EØS 📄 Siste endringer 📚 Rettsomrader 📊 Statistikk 🔍 Avansert sok Hjelp
Hjem / Horinger / Horing / Horingssvar
Regjeringen Med merknad
Til horingen: Høring om Ph.d. i kunstnerisk utviklingsarbeid

UiT Noregs arktiske universitet

Departement: Familiedepartementet
Høyring om forslag om ph.d. i kunstnerisk utviklingsarbeid og forslag til endringar i studiekvalitetsforskrifta og forskrift om tilsetjingsvilkår, vitskaplege stillingar Dato: 30.10.2017 Svartype: Med merknad Vedlagt følgjer høyringssvar 27.10.207 frå UiT, som har desse merknadane: Etablering av graden UiT støttar fullt ut forslaget om å etablera ein ph.d.-grad i kunstnerisk utviklingsarbeid. Det er svar på eit ønske frå fagmiljøa, og ein aksept av denne typen verksemd som likestilt med forsking.   Vi har i og for seg ikkje merknader til at graden vert etablert frå 1.1.2018, men ber departementet revurdera planen om å avslutta tildelinga av stipendmidlar frå Programmet for kunstnerisk utviklingsarbeid (PKU) frå det tidspunktet. Enkelte institusjonar vil måtta etablera samarbeid om fellesgradar og treng tid til dette. Difor bør det tildelast stipend i programmet i ein overgangsfase på to – tre år og programmet må halda fram så lenge at dei som er tatt opp får gjennomføra det. Dersom det ikkje skjer, kan det bli uheldige brot i stipendflyten i desse institusjonane.    PKU må elles reknast som ein parallell til Noregs forskingsråd, og bør også i framtida ha høve til å disponera midlar til ph.d.- og postdoktorstipend innafor kunstfaga.   Forslaget om at det skal stå eit spesifikt fagområde, t.d. scenekunst, på vitnemålet finn vi ikkje føremålstenleg. Det vil lett kunna oppfattast slik at fagområdet er eit sjølvstendig studietilbod med dei krava som vert stilte t.d. i studiekvalitetsforskrifta § 3-3. Vi reknar elles med at i vitnemålet vil fagområdet som regel gå fram av tittelen på oppgåva. Endring i studiekvalitetsforskrifta Til § 3-3 første ledd første punktum. Det må stå … utdanning og forsking og/eller kunstnerisk utviklingsarbeid… Til § 3-3 tredje ledd:  - Første setning bør endrast til: Det vitenskaplige doktorgradsstudiet skal ha … - Vi føreslår at setninga Ved rekruttering av faglige ansatte … ikkje vert tatt inn. Krava til fagmiljø er tydelege nok utan den setninga. Her legg vi også vekt på at det ikkje er føreslått tilsvarande presisering når det gjeld den vitskaplege avhandlinga. Endring i forskrift om tilsetjingsvilkår UiT har ikkje merknader til endringane som er føreslått, men vil nytta høvet til å føreslå endring av § 1-3 åttande ledd første setning slik: Studierett på doktorgradsprogram er et vilkår for å tiltre i og beholde stilling som stipendiat. Bakgrunnen for forslaget er at tvungen avslutning er ein aktuell reaksjon mot brot på vilkåra for studieplass, noko institusjonane har heimel til, jf. universitets- og høgskolelova § 4-13 første ledd, som tok til å gjelda frå 1.8.2014.      Vedlegg Kunstnerisk ph.d. - høyringsinnspel.pdf Kunnskapsdepartementet Til høringen Til toppen