🏠 Forside § Lover 📜 Forskrifter 💼 Bransjeforskrifter 📰 Lovtidend 🏛 Stortingsvoteringer Domstoler 🇪🇺 EU/EØS 📄 Siste endringer 📚 Rettsomrader 📊 Statistikk 🔍 Avansert sok Hjelp
Hjem / Horinger / Horing / Horingssvar
Regjeringen Med merknad
Til horingen: Høring - Forslag til tiltaksplaner etter kvalitetsnormen for villrein i Hardange...

Alf Medhus

Departement: Familiedepartementet
Dato: 31.10.2025 Svartype: Med merknad Når ein tenkjer på korleis ein kan betra vilkåra for villreinen, så er det spesielt 2 ting eg vil trekkja fram. 1. Jakt er vel det som kanskje uroar dei mest av alt, og min erfaring er i alle fall at dersom dyra vert jakta på, så vert dei mykje meir uroa enn når dei evt. Vert uroa av folk som ikkje jaktar på dei, det vere seg fotturist, skiturist eller snøscooter På 50-talet varte jakta på Hardangervidda frå 6 september til 20 september, altså 15 dagar, no er "normal" jakttid frå 20 august til 20 september,altså 32 dagar. Dei siste åra har det og vore eksempel på jakt frå 10 august til 10 oktober, altså 62 dagar. Min erfaring er at lengre jakttida, dess meir samlar dyra seg i store flokkar mot slutten av jakta, og det er einsbetydande med meir uro og mindre tid til å beita. I tillegg har jegrane i dag tilgang på mykje informasjon via mobil, vhf-radioar og dyreposisjonar, dette gjer at mesteparten av jegrane sit med informasjon om kor dyra er til ei kvar tid, og gjer det vanskelegare for ein dyreflokk å få seg ein "pause" i jakta. Når ein er på jakt, så er det naturleg at ein har lyst på eit stort og fint dyr, det er vel noko dei fleste jegrar er ute etter, og dermed har dei dyra med best "kondisjon" vore dei me har tatt ut, noko som etter mi meining er med på å gjera stammen svakare.  Og i tillegg, så er me no i dei siste åra blitt oppfordra til å skyta ned mest mulig av dei store flotte bukkane, forstå det den som kan, men det er kanskje ikkje så rart at me får ein svekkelse av kondisjone på dyra. Sjølv om vertilhøve, sommar og vinterbeite frå år til år og har mykje å bety. 2. Det andre eg vil peika på er merking med GPS sendarar, og måten det vert gjort på. Har sjølv sett korleis dette foregår, der ein brukar helikopter og skyt på dei med bedøvelse. Flokkar spring i full panikk på ettervinteren, og det seier seg sjølv, at skal du merka kanskje 20 dyr, så vert uromomentet stort, spesielt for drektige simler. Og ein må ha lov til å spørja seg kor verdifull denne informasjonen er, sett opp mot kva dyra vert utsett for. Eg har no sjølv ferdast ein del i fjellet, både sommar og vinter, og trefft på villrein mange ganger, men har ikkje hatt dårlig samvittighet av den grunn, dei trekkjer seg stort sett roleg vekk, og så lenge ein ikkje går etter dei, så har dei stort sett roa seg fort. Men ifb. Med jakt har eg hatt dårleg samvittighet, då kan dei reagere meir i panikk, og springe langt avgarde før dei roar seg. Etter mi meining, så har reinen dei siste åra nytta mykje av terrenget her på vestvidda, og jakta har vore god, men skal dei nytta området på vestvidda i lengre periodar, så er det nok ikkje gunstig for store flokkar, med tanke på beite, dei vil etter kort tid trekkja videre, men sterk varme gjer at dei kan opphalda seg lenger i område med tilgang på snøfenner. Og så trur eg at ei større villreinstamme vil føre til at meir av vidda vert nytta. Med helsing Alf Medhus Røldal Klima- og miljødepartementet Til høringen Til toppen