Ang. endringar for testutvalet Dato: 13.09.2017 Svartype: Med merknad I samband med at det vert vurert å endre praksis for testutvalet, vil eg komme med ein kommentar til høyringa. Hovudgeunnen for endringsforslaget er som kjent at norske vinimportørar har oppretta ei mengde undereiningar for å få tilgang til testlanseringar. Dette gjeld i hovudsak importerte varer (vin og sprit) og i liten grad øl. Norsk øl blir i hovudsak produsert av norske bryggeri og blir selt til AS Vinmonopolet med bryggeriet som grossist. Det store mangfaldet som ein no ser i norsk ølbransje er ei ganske nytt fenomen og det er stort fokus på å lansere nyheiter. Vinmonopolet gjer ein god jobb med å etterspørje nyheiter, men anboda dekkjer ikkje alltid det som bryggjeriet vil tilby. Her vil testlansering kunne gje ein breiare portefølje for vinmonopolet for grossisten si rekning. Det er også problematisk for norske handverksølprodusentar å melde opp produkt som har ein historikk i BU på minst 12 månader. Dette fordi det er eit stort fokus på nye produkt i ølmarknaden. Her skil ølmarknaden seg i augneblinken vesentleg frå vin/spritmarknaden ved at fokuset her er meir klassiske, etablerte produkt. I det eit ølprodukt har vore 12 mnd. i BU er det ofte allereie "oppbrukt" for delar av ølpublikumet og det vert vesentleg vansklegare å selje det inn til fast basislisting. Mitt hovudpoeng er at ein bør vurdere å differensiere øl og vin/sprit i denne saka då problemet har sitt utgangspunkt i "vin/sprit-bransjen" og ikkje i ølbransjen. Helse- og omsorgsdepartementet Til høringen Til toppen <div class="page-survey" data-page-survey="133" data-page-survey-api="/api/survey/SubmitPageSurveyAnswer" data-text-hidden-title="Tilbakemeldingsskjema" data-text-question="Fant du det du lette etter?"