Dato: 31.10.2025 Svartype: Med merknad Kommentarer/innspel: Eg har brukt heiene på austsida i Valle frå eg var lita. Me er ikkje grunneigarar, men eig ei hytte på Vikstøyl i Finndalen. Dette er mitt paradis på jord. Det at bruken no kan bli kraftig redusert og at me mister vår råderett over eigedomen er heilt uskjøneleg. På alle dei åra me har vore på heia, så kan eg telje på ei hånd dei gangene me har sett reinsdyr. Dei gangene me har møtt på dei, har me ikkje sett noko reaksjon på flokken når me køyrer scooter. Dei endrer ikkje atferd i det heile. Det er uforståeleg at byråkrater som ikkje kjenner til heiene våre skal få bestemme dette. Dei har ikkje involvert dei som har lokalkunnskap. Det er mest så eg mister trua på demokratiet pga dette. Eg føler det er på grensa til korrupsjon. Me er avhengige av levende bygder og kva vil skje når det me verdset høgst av alt, vert tatt frå oss. Me kjem ikkje til å få ungdommen tilbake til bygda, verdiene på gardene vert rasert og eit aktivt bygdeliv vil forfalle. Er dette slik me vil ha det? Eg er ekstremt glad i heiene våre og er grunnen til at eg bur her. Eg er glad i dyreliv og har respekt for naturen vår. Når dette no er på tale, så vert eg rett og slett overgitt, for det er ikkje eit problem. Dette vil ikkje auke/bevare bestanden, men det vil ruinere bygdene. På alle vis! Så eg håper verkeleg at dette vert revurdert og skrinlagt! Då kan eg kanskje få tiltru til demokratiet att. Mvh Anette Uppstad Viki Klima- og miljødepartementet Til høringen Til toppen <div class="page-survey" data-page-survey="133" data-page-survey-api="/api/survey/SubmitPageSurveyAnswer" data-text-hidden-title="Tilbakemeldingsskjema" data-text-question="Fant du det du lette etter?"