🏠 Forside § Lover 📜 Forskrifter 💼 Bransjeforskrifter 📰 Lovtidend 🏛 Stortingsvoteringer Domstoler 🇪🇺 EU/EØS 📄 Siste endringer 📚 Rettsomrader 📊 Statistikk 🔍 Avansert sok Hjelp
Hjem / Horinger / Horing / Horingssvar
Regjeringen Med merknad
Til horingen: Høring - forslag til endringer i Lov om folkehelsearbeid (folkehelseloven)

Nasjonalt senter for mat, helse og fysisk aktivitet ved Høgskulen på Vestlandet

Høyringsinnspel til revidert Lov om folkehelsearbeid, frå Nasjonalt senter for mat, helse og fysisk aktivitet ved Høgskulen på Vestlandet
Departement: Familiedepartementet
Dato: 17.01.2025 Svartype: Med merknad Høyringsinnspel til revidert Lov om folkehelsearbeid, frå Nasjonalt senter for mat, helse og fysisk aktivitet ved Høgskulen på Vestlandet Nasjonalt senter for mat, helse og fysisk aktivitet ved Høgskulen på Vestlandet takkar for høvet til å bidra med innspel til revisjonen av folkehelselova. Vårt mål er å styrke det helsefremjande arbeidet i barnehage, skule og SFO, med særleg fokus på mat og måltid og fysisk aktivitet, i tillegg til at vi skal være ein ressurs og støtte for skulefaga mat og helse og kroppsøving. Vårt høyringsinnspel er skrive med utgangspunkt i våre målgrupper på desse arenaene. Vi støttar dei føreslåtte endringane, som etter vår vurdering styrkjer folkehelsearbeidet og legg grunnlag for ein meir helsefremjande innsats. Vi er særleg nøgde med forslaget om å inkludere føresegna: « Ved utforming og iverksetting av tiltak skal barnas beste vurderast og vektleggjast » på kommunalt, fylkeskommunalt og statleg nivå. Dette er ei viktig tillegg, og vi tilrår at rettleiingsmateriell viser konkret korleis prinsippet om barnas beste kan ivaretakast i praksis. Under §7c er det lagt inn eit forslag om at kommunar skal ha naudsynt samfunnsmedisinsk kompetanse. Vidare er det anbefalt at det skal tilsettjast kommuneoverlegar som medisinskfaglege rådgjevarar i kommunane. Folkehelse er tverrfagleg og sektorovergipande med mange aktørar på ulike nivå. Vi vurderer folkehelsekoordinatorrolla som fleire kommunar nyttar seg av, som særleg viktig for å lukkast med systematisk folkehelsearbeid både på kommunalt og regionalt nivå. Reint praktisk ser vi også av erfaring at ein slik koordinerande funksjon lettar arbeidet med å nå ut med aktuell informasjon og rettleiingsmateriell til både barnahagar og skular i kommunane. Vi foreslår at folkehelsekordinatorrolla nevnast eksplisitt i lova og at det inkluderast ei anbefaling om å ansette folkehelsekoordinator med ansvar for koordinering av det systematiske folkehelsearbeidet, og samordning og prioritering av oppgåver og tiltak i kommunane. Vidare støttar vi det auka fokuset på evaluering av folkehelsetiltak og på at kommunen skal medverke til og tilretteleggje for forsking og anna kunnskapsutvikling om lokale folkehelsetiltak. Vi meiner forsking på- og evalueringar av folkehelsetiltak bør baserast på ein heilskapleg tilnærming som inkluderer både kvantitative og kvalitative resultat. For å sikre ei systematisk og balansert vurdering av tiltak, føreslår vi at dette prinsippet blir forankra i lovverket. Evaluering og rapportering er avgjerande for å sikre kvalitet og framdrift i folkehelsearbeidet. Samtidig understrekar vi viktigheita av å samordne rapporteringsoppgåver for å unngå auka belastning på tilsette i barnehagar, skular og SFO. Vi tilrår difor at rapporteringskrav knytte til folkehelselova blir integrerte i eksisterande system og evalueringsprosessar. Dette vil bidra til å redusere administrative byrder for allereie pressa tilsette og frigjere ressursar. Vi ynskjer lukka til vidare med arbeidet! Nasjonalt senter for mat, helse og fysisk aktivitet, ved Høgskulen på Vestlandet Helse- og omsorgsdepartementet Til høringen Til toppen <div class="page-survey" data-page-survey="133" data-page-survey-api="/api/survey/SubmitPageSurveyAnswer" data-text-hidden-title="Tilbakemeldingsskjema" data-text-question="Fant du det du lette etter?"