Høyringsuttale - Pasientens legemiddelliste Dato: 12.09.2017 Svartype: Med merknad Utval for Helse og omsorg i Bømlo kommune gjorde slikt vedtak 07.09.2017: Bømlo kommune meiner at innføring av "pasientens legemiddelliste" er eit viktig tiltak for å sikre korrekt legemiddelbruk. Å supplere legemiddelliste med naturlegemiddel, reseptfrie handkjøpspreparat og kosttilskot representerer kvalitetssikring m.o.t. heilskapleg vurdering og moglege interaksjonar, men vil vere vanskeleg å halde ajourført. Det bør ikkje vere fastlegen som skal kvalitetssikre og oppdatere slike opplysningar i legemiddellista. Det må utgreiast anna alternativ for oppdatering av opplysningar om preparat som ikkje er reseptpliktige/tilrådd utlevert av lege. Dersom innføring av "Pasientens legemiddelliste" fører til auka kostnadar for kommunen, må det kompenserast. Helse- og omsorgsdepartementet Til høringen Til toppen <div class="page-survey" data-page-survey="133" data-page-survey-api="/api/survey/SubmitPageSurveyAnswer" data-text-hidden-title="Tilbakemeldingsskjema" data-text-question="Fant du det du lette etter?"