🏠 Forside § Lover 📜 Forskrifter 💼 Bransjeforskrifter 📰 Lovtidend 🏛 Stortingsvoteringer Domstoler 🇪🇺 EU/EØS 📄 Siste endringer 📚 Rettsomrader 📊 Statistikk 🔍 Avansert sok Hjelp
Hjem / Horinger / Horing / Horingssvar
Regjeringen Med merknad
Til horingen: Høring - Forslag til tiltaksplaner etter kvalitetsnormen for villrein i Hardange...

Bjørn Buer

Departement: Familiedepartementet
Dato: 31.10.2025 Svartype: Med merknad Høringsinnspill til forslag til tiltaksplaner etter kvalitetsnormen for villrein i Hardangervidda og Setesdal Ryfylke og Setesdal Austhei villreinområder. Innsender: Bjørn Buer Buervegen 330 5750 Odda Vedrørende bruk av helikopter og anna transport: Uten helikopter kan vi ikkje bruke hyttene som vi eig eller disponerer. Det er store avstander fra veg, for eksempel er det 9 timer å gå fra parkering til dei austre områda ved Kvennsjøen. Skal ein kunne nytte området til fiske og jakt og på den måten bidra til bærekraftig forvaltning er transport heilt avgjørende for at tilgangen fortsatt er der. Helikoptertransport er no så dyrt at bruken begrenser seg sjølv. Eg er heilt einig i praksisen som er stramma inn i forhold til å hente ut vilt. Det er rett at det må være 2 eller fleire dyr som skal hentes om helikopter skal brukes. Tall fra tilsynsutvalget i Ullensvang viser at det i 2023 og 2024 var mellom 12 og 15 landinger for å hente ut felte reinsdyr, for 2025 er talet pr 6. september på 6 landinger. Etter mitt syn er det aldeles feil å konkludere med at reinsdyr har blitt redd for helikoper på grunn av lokal bruk av private. Det er grunn til å stille spørsmål og forvente svar når ein har fått sett film som viser korleis statlige aktører som SNO og NINA bruker helikopter i sitt arbeid med forvalting av reinsdyr. Film fra våren 2024 viser opptak nær Hårteigen der drektige simler i djup snø blir jaga av helikopter for at ein skal merke dyra, filmen viser jakt i over 2 minutter og ein fart på 60 km i timen. Det blei og nytta helikopter langs RV 7 for å hindre dyr i å krysse vegen. Under denne praksisen kan ein vel forstå at reinsdyra blir skremt av fyking. Det må legges fram ein bedre oversikt over volumet på motorisert ferdsel fordelt på dei ulike gruppene av aktører, både private og offentlige. Først når det er klart kan ein se kor det er viktig å sette inn tiltak og avgrensingar. Vintertransport bør tidsbegrenses og ferdselsforbud mellom 15. april og 1. juli bør innføres også for forvaltning og oppsyn. Jakt i vest og jakt i aust Det er ein kjent sak at jakta er langt meir effektiv i vest på vidda enn på øst.Det er i vest ein har betydelige fellingar som er viktig for god forvaltning av stamma Dette er på grunn av at det på vest er lokale jegerar som jakter for mat, på austvidda er det meir slag av jaktkort til utenbygds og også til trofejakt. På vest arbeides det målretta av fjellestyrer og lokale jegerar for å rekruttere neste generasjons jegere. Det er stort fokus på å holde kultur og tradisjon i hevd. Familien min har jakta kring Kvennsjøen i generasjonar, og eg har hatt mine eigne ungar med på vidda sidan dei var små. Det er ikkje berre jakt, det er ferie og tid saman. Det er ikkje lett å vera reinsjeger utan at nokon tek deg med, og synest difor at både fjellstyrehytter og Litlos turisthytta er viktige tilbod. Her og i stølshus og hytter kan ein møta andre jegerar, utveksla erfaringar og dela historier, som er med på å skapa tilhøyrsle. Dette er kunnskap og samhørighet med naturen som er nedarva i generasjoner som har ein stor verdi i seg sjølv. Det skal ikkje mange åra til uten aktivitet før denne kunnskapen er borte for godt. Stinett I 32 år har eg jakta langs stien i løypa Sandhaug -Litlos og Litlos- Hellevass. Det har aldri vært et problem at dyra ikkje vil krysse stien. Om det hadde vært tilfelle så hadde det vært lett å være jeger - om det var ei linje i terrenget som stoppa og omdirigerte dyra. Kva gjør dagens forvaltning med reinsstamma? Dyra formeirer seg men det er avgjørande at dei får fred. For alle dyreslag inkludert reinsdyr er det veldig viktig å spare stor bukk for reproduksjon. Dei siste åra har vi etter pålegg systematisk skutt ned stor bukk på grunn av en mistanke om at CWD er mest hyppig hos stor bukk og at CWD er svært dødelig for dyra. Situasjonen i dag er at stamma er heilt rasert av et skrivebordvedtak. Det er kort tid siden utskytinga og ein kjenner endå ikkje omfanget og endelig resultatet av dette tiltaket. Slik eg ser det har ein oppnådd å fjerne dyr med gener som ein gjerne skulle hatt i stammen. Dyrene sin fysiske tilstand har ikkje det eg kan se endret seg noe særlig i negativ retning dei siste åra. Fotråte var ein bekymring et år, året etterpå hadde naturen rydda opp i dette sjølv. Vektene går opp og ned og det varierer fra år til år, det gjelder og småfe som beiter i området. Eg vil heller si at vekta på dyra har auka dei siste åra. Det er viktig å ha det klart for seg at Hardangervidda reinen ikkje kan samenliknast med f.eks rein fra Snøhetta når det kommer til vekt og størrelse, for dei har ulik genetikk. Hardangerviddareinen slik vi kjenner den i dag er er ein miks fra av ulike tamreinstammer og opprinnelig villrein. Denne miksen blei endelig på 1940 tallet. Sjølv dyr som går i dei mest rolige avsidesliggande plassane i vest, såkalt “Holedyr” når maximal slaktevekt på 75 kg for bukk. Dei har då et fettlag på 10-12 cm. Simler av denne sorten oppnår vekt på 35 kg. Dette viser at genetikken tilsier at dyra ikkje blir større. Dyr på sentralvidda på tilsvarende størrelse og alder vil ligge på 65 kg for bukk og 30-32 for simler. Det er verdt å merke seg at det på 1950-1980 tallet var det mye “synsing” på vekter, og at disse tallene ikkje er heilt samenligbare med dagens tall som er meir nøyaktige og systematiske. Det er rett at det er jegerane som påvirker dyra mest. Etter at dei fikk vedtatt fredningskorridorar ser ein at tiltaket fungerer og at dyra harkommet mye raskere fra øst mot vest. Vi må innsjå at vi aldri kan med sikkerhet si at reinstamma er CWD fri og eg er enig i at vi må frede stamma til stamma er oppe i 10.000 vinterdyr, først når denne stamma er av denne størrelsen vil den etter min meining oppta sine tradisjonelle trekkruter og bruke ytterkantane i større grad. Eg vil skyte inn at den i overraskande stor grad gjør dette i dag, sjølv med ei så lita stamme som er omlag 5-6000 dyr. Eg har felt omlag 300 dyr siden 1993 og meiner derfor at eg har ein god oversikt over utviklingen. Eg er ikkje bekymra over sjølve kondisjonen på dyra. Eg trur at om reinen i tida som kommer får lov til å formeire seg i fred og få fred i den harde vintertida og i kalvingen og tida etter kalving å leve reinen godt med den sommaraktivitet som er på vidda i dag. Det er etter mitt skjønn plass til rein, folk, dyrehold og næring på vidda sommarstid. Bjørn Buer m/ familie 30.10.2025 Vedlegg Høringsinnspill til Forslag til tiltaksplaner etter kvalitetsnormen for villrein i Hardangervidda og Setesdal Ryfylke og Setesdal Austhei villreinområder.pdf Klima- og miljødepartementet Til høringen Til toppen