Tiltak for bedre koordinering ved planlegging og utførelse av Dato: 28.08.2017 Svartype: Med merknad Fylkesutvalet i Sogn og Fjordane handsama høyringsfråsegn om tiltak for betre koordinering ved planlegging og utføring av leidningsarbeid i veggrunnen - forslag til endring av veglova og leidningsforskrifta i møte den 23.08.17, sak 75/17. Fylkesutvalet gjorde følgjande vedtak: Fylkesutvalet i Sogn og Fjordane er samd i at det må vera eit felles og føreseieleg regelverk for framføring av leidningar i kommunal og fylkeskommunal veg for å sikre ein mest mogelg einsarta praksis. Fylkesutvalet har ikkje vesentlege merknader til høyringsnotatet, men vil likevel peike på følgjande: Krava til gravedjupne bør vere minimumskrav, ikkje maksimumskrav.I Sogn og Fjordane vil delar av fylkesvegnettet ikkje tole for låg overdekning, særleg i område utsett for mykje tele i bakken. Krav om overdekning bør vere knytt til vegeigar sin haldningsklasse på vegnettet slik at delar av fylkesvegnettet kan få same krav som ein riksveg. Krav om maksimal gravedjupne på 40 cm ved 125 mm røyr vil medføre setningsskader på mange av våre vegar. Leidningseigar er ansvarleg for skader, men vegeigar får ikkje stille krav som kan vere nødvendige for å unngå skadar. Fylkesutvalet meiner at det må leggast til at vegeigar skal særskild grunngje behov for større overdekning og vise til at grunnare graving vil gje skade på vegen. Det må lagast eigne og klare retningsliner for bruk av teknikkar som microtrenching og boring. Dei føreslegne endringane/presiseringane må ikkje medføre auka kostnader for fylkeskommunen til drift, vedlikehald og utbetring av fylkesvegnettet. Vedlegg _k2_17079490_3.pdf _k2_17097171_2.pdf Kommunal- og distriktsdepartementet Energidepartementet Samferdselsdepartementet Til høringen Til toppen