Førebels høyringsinnspel frå Telemark fylkeskommune Dato: 06.09.2017 Svartype: Med merknad Telemark fylkeskommune ønskjer å gi ein uttale til høyringa, med atterhald om politisk handsaming i hovudutval for samferdsel den 18.september 2017. Fylkesrådmannens innstilling: 1. Arbeidet med einsarta regelverk for leidningar og rør i veggrunn er positivt og støttast. 2. Føreslåtte endringar kan innebere økonomiske konsekvensar for vegeiger som er vanskelig å akseptere. Telemark fylkeskommune ønskjer eit forslag der omsyn til vegeiger blir betre ivaretatt med tanke på økonomi og samfunnsnytte. 3. Dersom ein forskrift blir innført som medfører store ulemper for vegkapitalen, må vegeigarar få kompensert dette for å unngå auka forfall. 4. Karantenetid for nyasfalterte vegar må vurderast. 5. Grad av skjønnsvurderingar i sakshandsaminga bør i større grad minimaliserast for større einskap. 6. Forslag om gebyr for sakshandsaming, garantistilling og tvangsmulkt ved forlenga vegarbeid støttast. 7. Generelt bør uttrykket «gravedybde» bytast ut med «overdekning», for å sikre god nok avstand til overflatedekket på vegen Vurdering frå fylkesrådmannen: Lovendringar for større einskap og auka føresjåande for utbygging av leidningar og rør i offentlege vegar er positivt. Breiband, kraftnett, vann og avløp m.v. utgjer avgjørande infrastruktur for mange innbyggarar. På den andre sida kan denne utbygginga slå negativt ut for vegeigar, fordi graving i vegar med dårleg forfatning ytterlegare vil redusere vegkvaliteten. Telemark fylkeskommune vil imøtekome leidningsbransjen, men må settast i stand til det gjennom økonomi og lovverk, som forvaltar av fylkesvegar. Forfallet er som kjent stort på fylkesvegane og det er svært utfordrande å stoppe dette. Fordi vegnettet har varierande kvalitet kan det vere vanskelig å dokumentere konsekvensane godt nok i forkant, slik forslaget legg opp til. Å tillate graving i allereie nedslite vegar kan redusere framkomma på sikt, slik at samfunnsnytta likevel ikkje aukar. Tilsvarande er det ikkje god samfunnsøkonomi i å grave i ein veg som akkurat er rusta opp. Å innføre karantenetid for nyasfalterte veger kan vere ei løysing. Når vegmynda skal vurdere fordelar og ulemper med å grave i vegar, må vurderingane blir mest mogleg likeeins. Vegmynda har høgst kompetanse på veg, naturleg nok. Nærare retningslinjer eller kriterium for samfunnsnytte er difor ein fordel i handsaminga. Gebyr for sakshandsaming er truleg nyttig, fordi auka krav til dokumentasjon brukar å medføre auka arbeidsmengde. Garantistilling er viktig for å søke å sikre vegkapitalen. Likeeins kan tvangsmulkt ved forlenga anleggsperiode vere aktuelt, då vegarbeid ofte går utover framkomme. Varierande bruk av uttrykka gravedjup og overdekning bør og ryddast i for å unngå konfliktar og sikre både vegdekket og leidningane under. Med vennlig hilsen Hilde F. Andersen Hilde.F.Andersen@t-fk.no +47 99 01 75 72 Kommunal- og distriktsdepartementet Energidepartementet Samferdselsdepartementet Til høringen Til toppen
Med vennlig hilsen
Hilde F. Andersen
Hilde.F.Andersen@t-fk.no
+47 99 01 75 72
Hilde F. Andersen
Hilde.F.Andersen@t-fk.no
+47 99 01 75 72