Vårt Hardangervidda
Heilt sidan eg var lita har vidda vore ein sentral del av mitt liv. Det å få vera med far min inn på vidda saman med tvillingsøstera mi Gina er nokre av dei barndomsminnene eg hugser best. Då var det inn til Ysteinsbu som ligg nedst i Kvennsjøen med sjøfly frå Haukeliseter. Eg hugser spenninga av at flyet tok av, og det å sjå utover det vakre landskapet.
Vi landa med sjøfly, og hjalp pappa å bære det vi klarte av utstyr og mat opp i hytta. På denne tida var vi vel omlag 4/5 år, og det å få reise på feire langt inne på vidda utan mamma var stort og spennande for to små jenter.
Det var turar som ikkje vart så lange som far hadde håpa på, men fisketurar som varte til langt over leggetid. Ein kjærleik for vidda blei skapt.
Nokre år seinare var òg bror våras gammal nok til å bli med, og vi kunne reise inn heile familien i lag. Både sommar og vinter.
Å finne roen i den vesle, gamle hytta i Ystensbu. Lese Donald og høyre på radio. Det mest spanande var når vi høyrde kjentfolk i jaktradioen. Det var ungar i hyttene i Belebotn og i Fjellstyrehytta i Belebu. Vi avtalte å møte dei på Sanden i Kvennsjøen. Der vart det bading i friskt fjellvatn, steiking av pannekaker på primus og grilling av pølser på bål - og stor sannsynligheit for ein aure eller to som vart fanga i Tuevatna eller i Kvennsjøen.
Når vi vart 10 år fekk eg og Gina lov å bli att ei veke på Litlos Turisthytte åleine å “hjelpe til”. Kor mykje hjelp det er i ein 10 åring veit eg ikkje, men den store gleda av å ha ein sommarjobb på plassen ein likar seg aller best - var nok til at ein framtidig arbeidsplass vart tidleg bestemt.
Inne på Litlos har vi jobba dei aller fleste somrane og påskane sidan.
Vi har fått mange vener, både lokale og dei som berre var innom ein sommar. Fleire har komme tilbake til Vest-Vidda år etter år, og er blitt gode og nære vener.
Det vert eit eige samfunn når ein jobbar og er i lag ein heil sommar og haust. Alle har kvar sine roller. At pappa tok oss med inn på vidda er vi evig takknemleg og glad for, og at Jarle kunne gi oss vår første sommarjobb på Litlos.
Det har blitt utallege kjekke kveldar med gamle og unge vener. Der det vart fortalt gode, spanande og viktige historiar om jakt og fiske frå og om dei som brukte vidda før oss.
Når Morten Nilsen og Bjørn Ove Hagen kjem inn å lager grav-aure frå Litlosvatnet som forrett på turisthytta er det ekstra god stemning. Morten syng og speler gitar til langt på natt og fortel om korleis livet var då han og Gunnvor dreiv hytta med sin familie på 80- og 90-talet. Stas å høyre om tida då Margit og Ingvald hadde hytta, og vår eige besto sjølv jobba påske etter påske på Litlos som ung.
No når vi har blitt eldre reiser vi inn og bruker vidda saman med dei venene som vi har vakse opp med. Vi har alle vakse opp med å ha vidda som vår fristad og som eit paradis. Å kunne gå inn seine kveldar og tidlege morgonar i all slags vær, kose seg inn over fjella og lære av kvarandre. Det er ei stor glede å dela desse vidda-opplevingane i lag. Det er ikkje sjeldan vi etter morgon-vaskinga av hytta på Litlos, men før middag skunder oss bort i Skadvassbekken for å nyte ein halvtimes spa der. Å sitje ute i sola og skrelle poter både sommar og vinter, eller gå seg ein skitur ned til Hildegunn i Belebotn i påsken - før ein igjen skal opp at på hytta å lage middag til gjestene på turisthytta, er nokre av små og store gleder i kvardagen på Litlos.
Når eg var 11 år og gjekk i 7A, kom mamma inn i skulegarden i langfriminuttet og spurde om eg ville vere med pappa på jakt. Som ei lita jente som var nysgjerrig og glad i å vere på fjellet, sa eg sjølvsagt ja. Eg fekk ein ny måte å glede meg over og bruke fjellet på. Mange jaktturar har det blitt sidan den gongen. Men dei aller beste minna er ikkje dyra som er felt – men det å høyre primusen som koker, regnet som drypp på jervenduken og pappa og kompisane som kikrar etter dyr i skodda oppe i Grytehorgi eller i Koll.
Eg kan sjå korleis vår bruk av vidda, og dei hjelpemidla vi bruker for å kome oss inn og ut på ein effektiv måte kan påverke dyra. Men den bruken av snøscooter og helikopter skremmer ikkje dyra i stor grad med mindre vi prøver å oppsøke og jage dei i akkurat dei områda dei er i. Det at vi raskt og effektivt lander og letter med helikopter trur ikkje eg at er farleg for dyra. Men det er klart – alt med måte.
Å nytte oss av snøscooter og helikopter er ikkje ein menneskerett, men eit hjelpemiddel som gjør at ein i travle kvardagar og kan få til å nytte Hardangervidda.
Dyra beiter tilsynelatande like gjerne i scooterspor og tursti som elles, og flytter seg naturleg nok om ein beveger seg heilt i nærleiken av dei. Dei spring ikkje nødvendigvis over haug og hammar kvar gang dei vert støkkt.
Dei beveger seg etter behov og mat. Er det vær og vind og nok mat i aust så held dei seg gjerne der. Stamma er no så lita at dei ikkje treng å bruke alle ytterkantane på vidda til ei kvar tid. I sommar og haust har vi hatt gleda av å sjå fleire reinsflokkar i heimfjella over Reinsnos, her har det vore gode beiter og ein sommar med lite snø.
At ein stenger områder om vinteren for ferdsel når dyra er drektige er eg positiv til. Det at SNO nytter snøscooter og helikopter for å følgje etter dyr fleire mil innover vidda for å telje og merke dyr året rundt og spesielt vinterstid stiller eg meg kritisk til. At drektige simler skal springje mil etter mil på fenner i djup snø, for at dei som forskar og har tilsyn med dyra skal ha oversikt, skjønar eg ikkje.
Eg trur dette påverker dyra i svært negativ form. Eg er einig i at ein skal ha oversikt og ei viss peiling på antal dyr – men eg trur at med ro og mindre jakt-kvoter vil stamma klare å byggje seg opp sjølv.
Vårt ynskje for framtida er at våre barn, familiar og vener kan nytta vidda som ein fristad, og ein plass til å læra og leva, anten du er grunneigar med eigen hytta og har rettar til dei forskjellige buene eller er fiskar, jeger eller fotturist.
Det er viktig å ta vare på og nytte oss av betjente og ubetjente turisthytter, dei flotte fjellstyrehyttene som er satt i stand på dugnad og er tilgjenglege for alle og ein kvar.
Folk, gjetara, sau og reinsdyr har alltid vore ein del av kulturarven på vidda. Dette er ikkje noko nytt og farleg som ein har begynt med no dei seinare åra - trykket er tvert i mot mindre.