Eidfjord kommune støttar uttalen frå Landssamanslutninga av vasskraftkommunar slik det går fram av brev til finansdepartementet dagsett 11.juli 2017.
Eidfjord kommune støttar ikkje Finansdepartementet sine framlegg til nye reglar om eigedomsskatt på produksjonsrelaterte nett og kraftanlegg.
Departementet fremjar i sitt høyringsnotat to forslag: Det første er framlegg om endring av grensesnittet mellom kraftlinjer og kraftanlegg. Det andre framlegget gjeld frådrag for utgifter ved fastsetjing av kraftverksformuen etter gjeldande rett. Begge framlegga betyr reduserte inntekter til kommunane som skattekreditor.
Når det gjeld forslaget om endring av reglane for produksjonsrelaterte nett, syner departementet i høyringsforslaget til Høgsterett sin dom i SKS-saken (Rt-2015-1054), der Høgsterett fastslo at produksjonslinjer er å sjå på som særskilde eigedomsskatteobjekt, og ikkje ein del av kraftanlegget. Etter Eidfjord kommune sitt syn er grensesnittet som vert nytta i dag veleigna. Grensesnittet har lege fast sidan 1965, og SKS-dommen klargjorde denne rettstilstanden. I staden for å respektera avklaringa frå Høgsterett sin dom, føreslår departementet ein ny og svært uklar regel som opnar for nye tvistar og trong for nye avklaringar. Eidfjord kommune går såleis i mot departementet sitt framlegg.
Departementet tilrår og å endra regelen om frådrag for framtidige utskiftningskostnader for driftsmidlar i kraftanlegg, jf. skattelova § 18-5, fjerde ledd. Eidfjord kommunr ser at det er trong for ein gjennomgang av kva driftsmiddel som gjev rett til frådrag for framtidige utskifingskostnader, men er usamd i reguleringa departementet føreslår. Departementet sitt framlegg inneber ein svært uklar og skjønnsmessig regel, der det i praksis vert overlate til kraftselskapa sjølv å definera kva driftsmiddel som er knytta til kraftproduksjonen. Det må avklarast kva driftsmiddel det kan krevjast frådrag for. Dette arbeidet bør gjennomførast med deltaking av personar både frå kraftbransjen og kommunesektoren.
Kopi til arkiv og kopibok