Merknad frå Marint Kompetansesenter Dato: 27.06.2017 Svartype: Med merknad På vegne av våre lærlingar på krabbebåt vil vi med dette leggje fram ønskje om at departementet ventar med å frede snøkrabben til 2018. Vi er einige i at det er fornuftig å frede krabben i skalskifte men synst det er seint å komme med freding so tett på sesong start. Det er eit stort ønskje blant våre lærlingar om å komme i gang med læretida og for dei som skulle reist ut no i juli vil fredinga medføre to månadar utsetjing i læretida. Fredinga gjer og at nokre av lærlingane står i fare for å miste plassen sin å hindrar tilsetting av nye. Reiarlaga har sikta seg inn og investert for oppstart no i juli og etter vår meining er alle tent med at næringa kjem i gang og får køyrt inn utstyr og mannskap. Med vennleg helsing MARINT KOMPETANSESENTER Ditt redskap til kunnskap marint.no Nærings- og fiskeridepartementet Til høringen Til toppen <div class="page-survey" data-page-survey="133" data-page-survey-api="/api/survey/SubmitPageSurveyAnswer" data-text-hidden-title="Tilbakemeldingsskjema" data-text-question="Fant du det du lette etter?"