🏠 Forside § Lover 📜 Forskrifter 💼 Bransjeforskrifter 📰 Lovtidend 🏛 Stortingsvoteringer Domstoler 🇪🇺 EU/EØS 📄 Siste endringer 📚 Rettsomrader 📊 Statistikk 🔍 Avansert sok Hjelp
Hjem / Horinger / Horing / Horingssvar
Regjeringen Med merknad
Til horingen: Høring – NOU 2017:7 Det norske mediemangfoldet – En styrket mediepolitikk for bo...

Noregs Mållag

Høyringssvar til NOU 2017:7 Det norske mediemangfoldet – En styrket mediepolitikk for borgerne 
Departement: Familiedepartementet 9 seksjoner

Historie

Neste år er det 170 år sidan den fyrste teksten på landsmål stod på trykk i ei norsk avis. Det skjedde i Morgenbladet, og forfattaren var Ivar Aasen. Ti år seinare, i 1858, skipa Aasmund Olavsson Vinje avisa Dølen. Det skulle bli starten på ein lang og rik tradisjon: Ikkje berre fordi nynorsken skulle bli så framgangsrik i aviser, i radio og på tv, men òg fordi Vinje skipa den heilt særeigne tradisjonen med den nynorske journalistikken . Det tvisynte blikket som gjerne ser det andre ikkje ser, som ikkje går av vegen for humor og som har ståstad utanfor det etablerte, har vore eitt av bidraga frå nynorsktradisjonen til fellesskapen. Nynorsken fekk tidleg rom i NRK, og fleire generasjonar nordmenn har vakse opp med nynorsk og dialekt på skjerm og i radio. Dette har vore svært viktig for at nynorsken skal ha status som eitt av to jamstilte nasjonalspråk i Noreg.

Stoda i dag

I dag finst det om lag 50 aviser som blir redigerte på nynorsk i Noreg. I tillegg kjem det ut ei lang rekkje lokal-, region- og riksaviser som nyttar nynorsk og bokmål side om side. Til saman er om lag kvar fjerde avis redigert på nynorsk. NRK er ein svært viktig leverandør av godt innhald på nynorsk, ikkje minst til dei yngste. Også TV2 har heilt sidan starten synt at nynorsk og dialekt slett ikkje er noka ulempe for ein kommersiell kringkastar. I tillegg dukkar det stadig opp nye nettaviser som er heilt eller delvis redigerte på nynorsk. Alt i alt er mediefeltet eit av dei områda der nynorsken står sterkast i dag, og vi ser stadig nye gjennomslag: Våren 2017 erklærte VG-redaktør Gard Steiro at avisa ikkje lenger skulle ha eit redaksjonelt forbod mot nynorsk, slik Dagbladet, Aftenposten, Dagens Næringsliv og fleire andre riksaviser framleis har. Utvalet peikar sjølv på at det er eit problem at konsentrasjonen av mediehus er så sterk i hovudstaden. Noregs Mållag deler uroa, og meiner at eventuelle nye tiltak som er gunstige for desse redaksjonane, må kompenserast med tiltak som stør små og store mediehus utanfor Oslo.

Den positive utviklinga syner at nordmenn gjerne vil lese og høyre nynorsk i aviser, blad, tv, radio og på nett. Dette er avgjerande for at dei mange hundre tusen som skriv nynorsk, skal få møte sitt eige språk. Det er også viktig for alle dei som lærer nynorsk som sidemål – og for alle nordmenn, ettersom alle bur i eit fleirspråkleg land. Å få møte nynorsken aukar både forståinga og aksepten.

Mediebransjen

I dag står norsk og internasjonal mediebransje midt oppe i ei av dei verste krisene bransjen har sett – kanskje den verste. Det er framleis ikkje klart kva som vil vere resultatet av denne krisa, eller kva tid ho vil gå over. Noregs Mållag meiner det er svært viktig at krisa ikkje fører til ei meir einsretta norsk presse – heller ikkje språkleg. Staten har høve til å ta ei rekkje grep for at alle dei som ønskjer nynorsk journalistikk, framleis skal få høve til det i framtida.

Opplæring

Dei to tiltaka NRK Nynorsk mediesenter og Nynorsk avissenter utdannar i dag 18 nynorskbrukande journalistar i året. Det er svært viktig at desse tiltaka får høve til å utvikle seg vidare. Mange av journalistutdanningane på høgskulane gjev svært lite opplæring i journalistikk på nynorsk, trass i at mange journalistar skal nytte nynorsk på jobben, og endå fleire skal arbeide saman med nynorskbrukarar. Dette er eit problem Noregs Mållag meiner Kulturdepartementet og Kunnskapsdepartementet bør sjå nærare på. Dei to institusjonane i Førde sikrar rekrutteringa av nynorskskrivande journalistar som blir trygge i språket dei skal skrive. Det å få inn journalistar frå desse institusjonane i ein redaksjon gjer det vanskelegare å krevje at journalisten skal skrive bokmål.

Finansiering

Noregs Mållag stør framlegget om å frita norske medium frå arbeidsgjevaravgift. Dette er ein ubyråkratisk måte å gje redaksjonane meir armslag på. Mange nynorske lokalaviser er små og sårbare, og Noregs Mållag meiner golvet i produksjonsstøtta bør bli auka til éin million. Dette bør ikkje gå på kostnad av dei riksdekkjande meiningsberande avisene, som er viktige ambassadørar for nynorsk språk i bygd og by. Den største mediestøtta er i dag momsfritaket. Svært store delar av dette går i dag til avishus i Oslo som sensurerer nynorsk på redaksjonell plass. Ved at momsfritak og eit eventuelt fritak for arbeidsgjevaravgift ikkje har utbyteavgrensingar, vil staten i praksis gjere det meir lønsamt å ha forbod mot nynorsk på redaksjonell plass. For å kompensere for dette må staten ha ein aktiv politikk for å fremje meiningsberande aviser, regionaviser og lokalaviser. Noregs Mållag ser ingen grunn til å mjuke opp utbyteavgrensingane vidare. Det må framleis vere eit ufråvikeleg krav at aviser som får produksjonsstøtte, er redigerte på nynorsk, bokmål eller samisk.

Distribusjon

Noregs Mållag er svært uroa over at distribusjonen av papiraviser utanfor dei store byane støyter på stadig nye problem. Det må vere like enkelt å tinge aviser same kvar i landet du bur. Det er viktig at ny politikk ikkje gjer det vanskeleg for mediehusa å omstille seg. Like fullt vil papiravisa etter alt å døme leve i mange, mange år, og norske innbyggjarar må sjølve få velje korleis dei vil lese avisa si.

Konsesjonskrav

NRK bør framleis ha krav om å nytte minimum 25 prosent nynorsk på alle plattformer. NRK bør halde fast ved og utvikle distriktskontora sine. Det er svært positivt at NRK no har fått sin eigen nynorskstrategi, og Noregs Mållag ventar at denne vil gjere at NRK i nær framtid når konsesjonskrava sine. Den kommersielle allmennkringkastaren, i dag TV2, bør framleis ha krav om å halde til i Bergen og å nytte nynorsk. Dette kravet må òg gjelde heimesidene, der TV2 i dag berre nyttar bokmål.

Nynorske tiltak

Denne våren vann avisa Dag og Tid Fritt Ord-prisen 2017, og viste dermed kor vesentleg det nynorske bidraget til norsk mediemangfald er. Om ein vel å endre produksjonstilskotet, må det ikkje skje slik at dei riksdekkjande vekeavisene får mindre enn i dag. Noregs Mållag er uroa for at Norsk Barneblad ikkje ser ut til å ha ein trygg plass på budsjetta til Norsk kulturråd, og meiner difor at bladet bør få ein eigen post på statsbudsjettet. Verdas eldste barneblad har dei siste åra fornya seg, og er eit viktig tilskot til tusenvis av ungar med nynorsk hovudmål, i tillegg til at bladet blir nytta mykje i undervisning. Nynorsk pressekontor leverer byråstoff til over 40 aviser. Dette er viktig for at mest mogleg av det språklege miljøet i nynorske og språkblanda aviser skal vere på nynorsk. Også desse må få rom til å utvikle seg. Noregs Mållag vil òg peike på Vinje-senteret, som skal bli drifta av Nynorsk kultursentrum. Vi håpar dette vil bli eit viktig formidlingssenter for nynorsk dikting og journalistikk, i tillegg til å heidre pioneren Aasmund Olavsson Vinje, som fyller 200 år i 2018.

Samiske aviser og språklege minoritetar

Noregs Mållag stør dei tiltaka utvalet kjem med overfor medium som nyttar samisk og minoritetsspråk. Aviser som den kvenske Ruijan Kaiku bør få eit høgare tilskot enn i dag.