🏠 Forside § Lover 📜 Forskrifter 💼 Bransjeforskrifter 📰 Lovtidend 🏛 Stortingsvoteringer Domstoler 🇪🇺 EU/EØS 📄 Siste endringer 📚 Rettsomrader 📊 Statistikk 🔍 Avansert sok Hjelp
Hjem / Horinger / Horing / Horingssvar
Regjeringen Med merknad
Til horingen: Høring – NOU 2017:7 Det norske mediemangfoldet – En styrket mediepolitikk for bo...

Språkrådet

Departement: Familiedepartementet 5 seksjoner

Bakgrunn

Språkrådet viser til høyringsbrev frå Kulturdepartementet av 23. mars 2017 om NOU 2017:7: Det norske mediemangfoldet – En styrket mediepolitikk for borgerne der departementet mellom anna ber om kommentarar til dei ulike tiltaka som blir foreslått og korleis dei bør prioriterast for å vidareføre og styrke mediemangfaldet. Vi viser også til det mandatet utvalet fekk om å ha særleg fokus på to område: «nyhets- og aktualitetsmedier og medienes funksjon i nyhets- og debattformidlingen, samt allmennkringkastere og deres betydning for Norges språk og kultur».

Språkrådet viser også til St.meld. nr. 35 (2007–2008) Mål og meining. Ein heilskapleg norsk språkpolitikk (språkmeldinga) som eit breitt stortingsfleirtal har slutta seg til. Her heiter det mellom anna at det er nødvendig «på ulike måtar å stimulera bruken av nynorsk, slik at denne målforma blir meir synleg også i aviser og tilhøyrande publiseringsformer. (…) Også i eit språkpolitisk perspektiv er det viktig at pressestøtte og momsfritak blir vidareført, slik at ikkje berre norskspråklege medium blir sikra, men også språkleg breidde og mangfald meir generelt» (s. 154).

Språkrådet viser også til Europarådspakta om regions- eller minoritetsspråk (språkpakta) som gir kvensk, romani og romanes eit særleg vern sidan dei ved sida av dei samiske språka er anerkjende regions- eller minoritetsspråk i Noreg. Norsk språkpolitikk har som mål å ta vare på desse språka. Målet er forankra i fleire internasjonale avtaler, stortingsmeldingar og delvis i norske lover og forskrifter. Også rammekonvensjonen frå Europarådet om vern av nasjonale minoritetar (rammekonvensjonen) gir dei nasjonale minoritetane (kvenane/ norskfinnane, rom, romanifolk/taterar, skogfinnar og jødar) rett til språk. Ministerkomiteen i Europarådet rår mellom anna til at dei norske styresmaktene «iverksetter en strukturert politikk for kvensk og prioriterer å tilby undervisning, samt styrking av forekomsten av kvensk i kringkastingsmediene» [1] . Det er eit grunnleggjande prinsipp i rammekonvensjonen og menneskerettskonvensjonane frå FN å inkludere dei minoritetane det gjeld, i saker som vedkjem dei.

Generelt

Språkrådet meiner at utgreiinga i liten grad diskuterer språklege sider ved norsk presse. Korleis språkbruk kan gjerast til eit kvalitetskriterium for pressa er i liten grad eit tema. Det same gjeld det at nynorskaviser treng systematisk styrking. Verken utgreiinga eller den norske mediepolitikken meir generelt er forankra i den språkpolitikken Stortinget vedtok med Mål og meining . Sjølv om det i utgreiinga er peikt på kor viktig det er at nynorsk også er mediespråk, blir ikkje temaet følgt opp vidare. Dette er overraskande i lys av at Stortinget i 2009 slutta seg til eit prinsipp som inneber at nynorsk alltid skal reknast med når norsk språk blir tematisert. Dersom omsynet til nynorsk ikkje er relevant, så skal dette grunngjevast.

Utvalet meiner at omsynet til både nynorsk og samiske språk er relevant. På side 16 heiter det at det er særleg grunn til «å fremheve hvor stor betydning mediebruken av nynorsk og samisk har for denne målformen og dette språket». Samisk er tematisert i utgreiinga og tiltak for å styrke samisk er handtert på ein god måte. Den nynorske målforma er derimot ikkje tematisert i utgreiinga.

Aviser

Språkrådet er uroa over verknadane av utvalet sitt forslag om å forenkle og dreie «produksjonstilskuddet slik at midler omfordeles til lokalaviser fra nummertoavisene, samt tiltak for å redusere støtteavhengighet (avvikle egen tilskuddssats for nummertoaviser i storbyene og redusere det dynamiske taket for støtte) og sikre økt legitimitet» (s. 182). Fleire av desse nummertoavisene er særs viktige når det gjeld å gjere nynorsk synleg på nasjonalt plan. Eit godt døme her er Klassekampen, som publiserer ein god del på nynorsk og faktisk er ei riksavis i ordets eigentlege forstand. Det same kan seiast om både Nationen og Vårt Land. Dette er aviser som blir lesne av mange som elles i liten grad blir eksponerte for skriftleg nynorsk.

Utgreiinga peikar også på at det er i ferd med å oppstå blindsoner i lokal- og regionaljournalistikken (s. 107) mellom anna som følgje av at regionavisene legg ned lokalkontora sine, og i større grad blir lokalaviser for storbyane. Utgreiinga peikar på at dei områda som ikkje lenger blir dekte av regionavisene, kan ende opp med å bli marginaliserte i den offentlege debatten. Språkrådet meiner det er grunn til å tru at dette òg kan føre til ei språkleg marginalisering. Blant anna på Vestlandet har mange av lokalkontora hatt nynorskbrukande journalistar. Det er difor grunn til å tru at ei nedlegging av desse lokalkontora vil føre til mindre nynorsk i regionavisene. Det er ei utvikling som vil føre til språkleg einsretting, sidan mange regionaviser er svært viktige domene for den språkblanda mediesituasjonen i Noreg. Floraen av språkblanda aviser er ein særnorsk kulturell rikdom som ein må hegne om.

Kommersielle allmennkringkastarar

Språkrådet meiner det er viktig å stille krav om norskprodusert innhald, både når det gjeld program og musikk, dersom ein skal tilby kompensasjon til kommersielle allmennkringkastarar. Når det gjeld allmennkringkasting på tv, er det også viktig å stille krav om teksting for hørslehemma og om at ein viss prosent av tv-tekstinga skal vere på nynorsk. Språkrådet meiner dessutan det er svært viktig å krevje norskspråkleg innhald retta mot born og unge.

Nasjonale minoritetsspråk

I den gjeldande norske språkpolitikken heiter det at dei nasjonale minoritetsspråka kvensk, romani og romanes skal styrkast. Språkrådet meiner derfor det er rimeleg at dei nasjonale minoritetsspråka, i tillegg til teiknspråk, må ha ein større plass i mediemangfaldet i Noreg i framtida.

Utanom avisa Ruijan Kaiku er det svært lite medieinnhald som er tilgjengeleg på kvensk. Ruijan kaiku fyller eit tomrom all den tid kvensk er eit truga språk. Det har lenge vore eit ønske at avisa skulle bli vekeavis, sidan ho med den forma ho har i dag (10 utgåver i året) står i ein utfordrande posisjon trass i auka digital satsing. Medietilbodet til den kvenske/ norskfinske befolkninga er svært avgrensa og er for lite til å utgjere eit berekraftig bidrag til å styrke og fremje språket. Både ministerkomiteen og ekspertkomiteen i Europarådet har overfor Noreg i fleire omgangar påpeikt kritikkverdige forhold når det gjeld kvensk media. Kvenskrelatert stoff og det kvenske språket blir meir synleg når det er meir til stades i mediebiletet. Dette gir positive ringverknader og byggjer opp under revitaliseringa av språket. Det er særleg viktig å utvikle språkleg og kulturelt medieinnhald tilpassa born og unge.

Det er derfor rimeleg å framheve kor viktig bruken av nasjonale minoritetsspråk i media er for utviklinga av desse språka og for å gjere dei synlege. Men det er ikkje berre dei nasjonale minoritetsspråka som må få ein meir synleg og høyrbar plass i media, dei nasjonale minoritetane må også få ein større plass i innhaldsmangfaldet.

Språkrådet bidreg gjerne med råd, synspunkt og språkpolitisk forankring i den vidare prosessen.

[1] «Ministerkomiteens anbefaling CM/RecCHl (2015)4 om Norges anvendelse av den europeiske pakten om regions- og minoritetsspråk.» Vedteken av ministerkomiteen 15. september 2015.