🏠 Forside § Lover 📜 Forskrifter 💼 Bransjeforskrifter 📰 Lovtidend 🏛 Stortingsvoteringer Domstoler 🇪🇺 EU/EØS 📄 Siste endringer 📚 Rettsomrader 📊 Statistikk 🔍 Avansert sok Hjelp
Hjem / Horinger / Horing / Horingssvar
Regjeringen Med merknad
Til horingen: Høring om forslag til ny generell del av læreplanverket for grunnopplæringen

Fjellhaug Internasjonale Høgskole

Departement: Kunnskapsdepartementet 1 seksjoner

Uttale frå Fjellhaug Internasjonale Høgskole (FiH)

Normativ etikk vert gjerne klassifisert i tre typar teoriar: (1) Formålsetikk – der formålet er å realisere verdiar som ei gruppe eller eit samfunn regnar som felleseige. (2) Dygds- eller haldningsetikk – der vekta ligg på haldningar vi bør møte kvarandre med. (3) Plikt- og rettigheitsetikk – som spør kva plikter og rettigheiter vi må operere med som ansvarlege medmenneske. (Den eine sine rettar er dei andre sine plikter – og omvendt.)

I formålsparagrafen for allmennutdanninga finn vi alle tre typane etikk representerte. I første runde i denne høyringsuttalen vil vi undersøke kva for element av dei tre typane etikk vi finn i formålsparagrafen og korleis utkastet til Overordnet del inkluderer og utfyller, eller burde utfylle, desse elementa.

(1) Formålsparagrafen for allmennutdanninga dreier seg for det første om verdiar som skulen har til formål å fremje. For det første vert «respekt for menneskeverdet og naturen» framheva. Menneskeverdet inkluderer elles «likeverd og likestilling» -- som formålsparagrafen også nemner. Motstykket, diskriminering på ulike måtar, må motarbeidast, heiter det. Kritisk tenking og vitskapleg tenkjemåte vert også rekna som verdiar skulen skal fremje (jf. paragraf 4 og 6). Elles vert den nasjonale og den internasjonale kulturarven framheva som viktige verdiar å ta vare på. Kunnskap og dugleik er sjølvsagte verdiar skulen må fremje. I same samanhengen vert skaparglede, engasjement og utforskartrong viktige element. Miljøet er ein verdi ein har lært seg å verdsetje og bevare i seinare tid.

Utkastet til Overordnet del opererer med uttrykka «verdier», «felles verdier», «universelle verdier», «demokratiske verdier». Utkastet nemner også «samiske verdier». Omgrepet ‘verdiar’ vert ingen stad tydeleg definert. Det trengs derfor nokre ord om korleis det er tenkt avgrensa. Det same kan gjelde omgrepet ‘formål’. Kanskje vi kan seie at formålet med opplæringa er å realisere dei verdiane som er framheva i formålsparagrafen og i Generell del (GD) – og i utkast til Overordnet del . Dokumentet bør altså peike på kva for verdiar skulens praksis skal ha til formål å realisere. Verdiar i denne samanhengen er med andre ord godar ein har til formål å realisere i skulesamanheng.

Det er eit faktum at skulen til tider vil vere ein arena for verdikonflikter. Når så skjer, må skulen vite å skilje mellom kva ein er forplikta på ut frå formålsparagrafen, og kva ein må gje rom for ut frå trusfridommen og åndsfridommen. I eit demokrati er det viktig å lære å tolerer usemje.

(2) Formålsparagrafen nemner dessutan ei rekkje haldningar (dygder) som ein meiner skulen bør fremje. Desse er: nestekjærleik, solidaritet og eit tilgjevande sinn. Elles vert det framheva i femte avsnittet at gode haldningar er viktige «for å kunne meistre liva sine og for å kunne delta i arbeid og fellesskap i samfunnet.»

Utkast til Overordnet del kan med fordel inkludere fleire haldningar, slike som det ikkje er blitt plass for i formålsparagrafen. For eksempel kan desse nemnast: rettferd, ærlegdom, truskap, høflegheit, audmjuke, lovlydnad og toleranse.

(3) Formålsparagrafen dreier seg for det tredje om plikter og rettigheiter i relasjonane mellom oss menneske. I første avsnittet vert nemnt at skulen og heimen pliktar å samarbeide. Elles er formålsparagrafen ganske tynn på dette feltet. Det vert ikkje nemnt at elevane bør lære å bli borgarar med respekt for norsk lov og skulen sitt regelverk. Det næraste formålsparagrafen kjem lovlydnad er at elevane skal lære seg å forstå den nasjonale kulturarven, og øve seg i demokratisk tenkjemåte (opplæringa skal «fremje demokrati»). Det heiter at elevane skal lære å handle etisk, men det vert ikkje klargjort kva det inneber. Og dei skal møtast med krav, heiter det i siste avsnittet. Menneskeretten trus- og ytringsfridom kan forståast som inkludert i «respekt for den einskilde si overtyding» og inkludering av «åndsfridom» i rekkja av sentrale verdiar og dygder. Elevane «skal ha medansvar og rett til medverknad».

Overordnet del kan med fordel presisere kva det meir konkret vil seie å handle etisk. Det bør presiserast at elevane bør lære å bli borgarar med respekt for norsk lov og skulen sitt regelverk. Det bør dreie seg om at ein ikkje skal skade eller mobbe andre korkje fysisk eller psykisk. Ein er forplikta til å snakke sant. Det er også gale å stele. Når det heiter at ein skal lære å «tenkje kritisk» bør det inkludere å tenkje sjølvkritisk og sjølvstendig. Elles må vi spørje kvar gjensidigheitsprinsippet har vorte av. I den sekulærhumanistiske tradisjonen er dette rekna som det mest grunnleggande etiske prinsippet.

Foreldreretten vert nokså allment forstått som ein grunnleggjande menneskerett. Dette er fastslege av FNs fråsegn om menneskerettane , art. 18, pkt. 4, og art. 26, pkt. 3. Foreldre/ føresette har derfor etter tradisjonelt vestleg (kristent og humanistisk) syn det primære pedagogiske mandat , gjerne kalla det pedagogiske primat .

Staten på si side kan sjå det som ei oppgåve å krevje på barna sine vegner at dei får grunnleggjande allmennutdanning. Det forpliktar staten å organisere ei slik utdanning . Men staten kan ikkje krevje at barna skal få denne utdanninga i staten sine skular. Private skular eller heimeundervisning som oppfyller nivåkrava som læreplanane i den offentlege skulen stiller, kan ikkje nektast godkjenning.

Lærar sitt mandat er delegert frå dei to første mandatinstansane, frå staten som arbeidsgjevar, og frå foreldra. Det er altså eit bunde mandat . Når det gjeld spørsmål om korleis ein på best mogeleg måte reint pedagogisk skal kunne oppfylle undervisningsmålsetjingane for den enkelte elev, er det lærar som har det siste ordet.

Kommentarar vedrørande meir detaljerte punkt