🏠 Forside § Lover 📜 Forskrifter 💼 Bransjeforskrifter 📰 Lovtidend 🏛 Stortingsvoteringer Domstoler 🇪🇺 EU/EØS 📄 Siste endringer 📚 Rettsomrader 📊 Statistikk 🔍 Avansert sok Hjelp
Hjem / Horinger / Horing / Horingssvar
Regjeringen Med merknad
Til horingen: Høring - Lovfesting av tingrettene og deres faste rettssteder, endringer i regle...

Statsforvaltaren i Vestland

Departement: Familiedepartementet
Dato: 03.01.2025 Svartype: Med merknad Høyring - lovfesting av tingrettane og deira faste rettsstader Statsforvaltaren i Vestland viser til brev 21.10.2024 med fleire framlegg sende ut på høyring. Me vil kommentera framlegget om lovfesting av tingrettane og deira faste rettsstader. Dei andre framlegga har me ikkje merknader til. Statsforvaltaren stør framlegga til endringar som inneber lovfesting av kva som er faste rettsstader, men har likevel nokre merknader som me ber departementet ta med seg i den vidare handsaminga. Kvifor er det viktig å fastsetja faste rettsstader i lov Statsforvaltaren meiner at lovarbeidet må vera tydelegare på grunngjevinga for å lovfesta dei faste rettsstadene. Som sitert i høyringsnotatet handlar det om «ansvar [for] å sørge for at innbyggerne i hele landet har like god rettsikkerhet og tilgang til domstolene». Dette har to hovudelement i seg, som er viktige å få fram i lovproposisjonen: Nærleik til domstolen for borgarane Det eine elementet er nærleik til domstolen for dei som må møta der. Dette inneber at reiseavstanden ikkje skal vera for lang frå der ein held til. I tillegg inneber det at i meddomsrettssaker, både sivile- og straffesaker, skal meddommarane ha likearta bakgrunn som den som er part i ei rettssak. Prinsippet om å dømmast av likemenn har ei kulturell og geografisk side. Vidare er det kjent at nærleik skapar tillit. Kva som vert opplevd som nært, vil variera ut frå mange faktorar, der geografisk avstand er ein. Rettsstadar som rekrutteringsarena til jurist- og advokatstillingar Det andre elementet er endå viktigare, men etter vårt syn underkommunisert i diskusjonar om domstolsstruktur og rettsstader. Domstolskommisjonen nemner det til dømes ikkje i si utgreiing. Poenget er at dei aller fleste borgarar har kontakt med domstolar gjennom advokatar før ei sak kjem til retten, og at tilgjenge til advokatar dermed er særs viktig for å oppretthalda rettstryggleiken også i saker som ikkje kjem til rettssystemet. Ein rettsstad eller fast dommarkontor er ein viktig grunnstein for å ha eit advokatmiljø og anna juridisk miljø ein stad. Ein fast dommarrepresentasjon er både med på å sikra det faglege nivået og rekruttering til advokatyrket. Dette er slik både fordi det er mindre attraktivt å etablera advokatverksemd der det ikkje er andre høve til karriere innanfor tradisjonelle juristyrke og fordi ein dommarrepresentasjon både er eit fast fagleg haldepunkt og ein garanti for inntekter for advokatane. Sjølv om verda vert meir og meir digitalisert, vil vanlege borgarar gjerne innleia ein tvist med å be om ein fysisk samtale med ein advokat i nærleiken av der ein sjølv bur. Dersom det ikkje er advokatar i nærleiken av heimstaden, vil borgarar stundom lata vera å forfølgja ein rettkomen tvist. Vidare viser det seg at eit dommarkontor kan fungera som ein rekrutteringsarena til advokatyrket eller andre juriststillingar i distriktet. Erfaring viser at dommarfullmektigar etter avslutta teneste ofte blir verande i tid eller permanent i det distriktet dei har arbeidd i, også dersom dommarfullmektigane ikkje har hatt noko tilknyting til staden frå før. Og det er lettare for ein advokat å slå seg ned der det er utsikter til ein seinare karriereveg som dommar. Statsforvaltaren meiner at desse momenta er så viktige at dei bør nemnast særskilt i lovproposisjonen. Definisjon av kva som ligg i fast rettsstad Statsforvaltaren i Vestland meiner også at det må definerast tydelegare i lovproposisjonen eller eventuelt i lova kva som ligg i å vera ein fast rettsstad. Me viser til erfaringa frå høyringa om samanslåing til Sogn og Fjordane tingrett, sjå brev frå Justis- og beredskapsdepartementet 06.06.2016: «… Departementet foreslår at Fjordane tingrett og Sogn tingrett slås sammen til én domstol med hovedsete i Førde, men med opprettholdelse av dagens kontorsteder/rettssteder. … … Det legges heller ikke opp til at sammenslåingen vil medføre endringer i domstolenes eksisterende kontorsteder/rettssteder, og dermed heller ikke gi noen konsekvenser for et regionalt arbeidsmarked eller det statlige tjenestetilbudet.» Departementet la til: «Både fylkesutvalget og flere av de andre interessentene legger til grunn at Førde og Sogndal videreføres som bemannede kontorsteder, og at eksisterende rettssted i Nordfjordeid videreføres.» Framlegget fekk stor oppslutnad i høyringsrunden, der mange av også høyringsinstansane uttrykkjeleg framheva at Førde og Sogndal måtte førast vidare som kontorstadar med dommarar, medan Nordfjordeid skulle førast vidare som fast stad for å halda rettsmøte. Ingen av høyringsinstansane fremja eit anna syn, og dette vart lagt til grunn samanslåinga. Likevel har Sogn og Fjordane tingrett ved første høve (naturleg avgang) flytta dei to einaste dommarstillingane frå Sogndal til Førde, altså i strid med intensjonen frå Justis- og beredskapsdepartementet og høyringsinstansane. På denne måten er det slege bein under kanskje det viktigaste elementet med å ha faste rettstader, at rettsstaden er ein rekrutteringsarena for jurist- og advokatstillingar og dermed ein grunnstein i tilgangen til juridisk rådgjeving i eit område. Statsforvaltaren i Vestland meiner at ein hovudintensjon med å definera rettsstader i lova, er å sikra at embetsdommarar, eventuelt supplert med dommarfullmektigar, har sin vanlege kontorstad der, og at dette må koma uttrykkjeleg fram i lovproposisjonen. Departementet bør vurdera i det vidare arbeidet om det skal fastsetjast tal for kor mange embetsdommarar eller dommarfullmektigar som skal ha stilling ved kvar rettstad. Med helsing Liv Signe Navarsete Gunnar O. Hæreid ass. statsforvaltar Justis- og beredskapsdepartementet Til høringen Til toppen <div class="page-survey" data-page-survey="133" data-page-survey-api="/api/survey/SubmitPageSurveyAnswer" data-text-hidden-title="Tilbakemeldingsskjema" data-text-question="Fant du det du lette etter?"