Dato: 12.12.2024 Svartype: Med merknad Kommunestyret i Vestre Slidre kommune har følgande innspel til høyringa: KS- 106/24 Vedtak: Kommunestyret støttar at ei oppføring av dagens tingrettar og deira faste rettsstader vert tatt inn i domstollova, og at kompetansen til å dele landet inn i rettskretsar framleis skal liggje hos Kongen. Endringar i rettskretsane skal framleis leggjast fram for Stortinget. Kommunestyret kan ikkje sjå at det er føremålstenleg at oppføringane av kva kommunar som høyrer til dei enkelte rettskretsane, som i dag går fram av forskrift om inndelinga av rettskretsar og lagdømmer, skal takast inn i domstollova. Justis- og beredskapsdepartementet Til høringen Til toppen