Nytt styringssystem for dei helse- og sosialfaglege utdanningane
Det vert foreslått å fjerne rammeplanar for åtte helse- og sosialfaglege utdanningar, og å utarbeide ein felles rammeplan for i alt 19 helse- og sosialfagutdanningar. Departementet si direkte styring med kvar einskild utdanning vert redusert. Det nye systemet legg opp til styring på tre nivå; UH-lov, ei forskrift med felles overordna rammeplan for alle grunnutdanningane, og retningslinjer for kvar einskild utdanning med læringsutbytte. Målet er å gjere utdanningane mindre statiske og meir utviklingsorienterte.
HVL er positiv til at tenestene og sektorane det utdannast til skal få auka innflytelse på det faglege innhaldet i utdanningane. Samstundes vil vi peike på at utdanningsinstitusjonane har eit særleg ansvar for å bidra til kvalitetsutvikling og forbetring av tenestene gjennom forskings- og utviklingsarbeid, og å involvere studentar i dette arbeidet. Vi ser det som viktig å oppretthalde dette perspektivet for å sikre utvikling av profesjonane gjennom kritisk tenkande og innovative profesjonsutøvarar.
Det vert foreslått å oppnemne ei programgruppe for kvar utdanning som skal utarbeide nasjonale retningslinjer for utdanningane. Vi meiner det er svært viktig at programgruppene vert oppnemnt med representantar frå hele landet. Gruppene må vere store nok til sikre brei fagleg deltaking og involvering frå fagmiljø, praksisfelt og studentar. Bruk av referansegrupper bør vurderast. Det vert presisert at Kunnskapsdepartementet gjennom lova har det overordna ansvaret for utdanningane, og at utdanningsinstitusjonane framleis skal ha ansvar for det faglege innhaldet og kvaliteten på dei einskilde utdanningane. Vi tek det som sjølvsagt at dette blir følgt opp når det gjeld ansvar/leiing og representasjon i programgruppene.
Forholdet mellom forskrift om felles rammeplan og retningslinjer må gjerast tydeleg. HVL stiller seg noko spørjande til om det er formålstenleg at felles innhald er på forskriftsnivå, medan innhald og innretning på det fagspesifikke i utdanningane er på retningslinjenivå. Det kan verte utfordrande å utforme faglege gode utdanningar som skal oppfylle læringsutbytta i både forskrift og retningslinjer på en god måte. Etter vår vurdering bør læringsutbytte for dei einskilde utdanningane utarbeidast i tett kontakt med at det vert utforma felles læringsutbytte i forskrifta.
For sjukepleiarutdanninga som og skal forhalde seg til eit yrkesdirektiv (EU-direktiv), vil det kunne oppstå problem dersom direktivet ikkje gir rom for læringsutbytte som ligg i felles rammeplan for helse- og sosialfagutdanningane. Slik HVL forstår styringsnivået, er forskrift og rammeplan overordna retningsliner for utdanninga, og vi spør kva plass EU-direktivet vil få i det nye styringssystemet?
Kunnskapsdepartementet og Helse- og omsorgsdepartementet har samarbeidd om å peike på svake sider i gjeldande helse- og sosialfaglege utdanningar. HVL meiner at det er ein føresetnad for å lukkast med omlegging av utdanningane at kommunehelsetenesta har tilstrekkelege ressursar og kompetanse til å ta sin del av ansvaret for utdanningane.
Det vert lagt opp til ein stram framdriftsplan både når det gjeld programgruppene sitt arbeid og utdanningsinstitusjonane si implementering av nye retningslinjer alt frå studiestart hausten 2019. Målsetjinga om ei kvalitativt god forskrift og retningslinjer som harmoniserer med framtidas utfordringar i arbeidslivet, og som både skal vere nasjonalt førande og gi rom for institusjonell tilpassing, kan vere krevjande innanfor ein så stram tidsplan.

§ 1 Virkeområde og formål
Forskrift saman med retningsliner skal sikre at utdanningane møter samfunnet sine noverande og framtidige behov for kompetanse. Endeleg omfang av felles innhaldsdal må utformast og sjåast i samanheng med retningslinene for dei einskilde utdanningane.
§2 Felles læringsutbytte
HVL er generelt positiv til at det vert utforma felles læringsutbytte for dei helse- og sosialfaglege grunnutdanningane. Men dei foreslåtte læringsutbytta er ikkje formulert i tråd med nasjonalt kvalifikasjonsrammeverk, då dei manglar inndeling i kunnskap, ferdigheit og generell kompetanse. HVL føreset at dette kjem på plass i den endelege forskrifta.
Nokre av læringsutbytta er svært generelle og overordna, medan andre etter vår meining er for konkrete. Eksempel på det siste kan vere slike nemningar som «samer», «barn», «kjønnsidentitet» og «kjønnsuttrykk». Det er viktig at born sine behov vert trekte fram, men rettigheiter må gjelde for alle samfunnsgrupper, samfunnslag og aldersgrupper for å sikre like vilkår for brukarar av helse- og sosialtenester gjennom heile livsløpet, og for å sikre at helse- og sosialtenestene framstår som heilskaplege. I tillegg er nokre læringsutbytte for omfattande og bør splittast opp. Her viser vi til læringsutbytte 3, 5, 7, 10 og 11 som alle har to læringsutbytte i same punkt. Det er såleis behov for ei grundig gjennomarbeiding av læringsutbytta, og vi meiner dei bør haldast på eit meir overordna nivå.
Læringsutbytta skal vere gjeldande for ulike utdanningsnivå, og det er uklart korleis læringsutbytta skal innarbeidast i retningslinjene for dei ulike utdanningane når desse kan vere på bachelor- eller masternivå.
HVL saknar fleire læringsutbytte som kan nåast gjennom læringsaktivitet med ei tverrprofesjonell tilnærming. Argumentasjonen for å fjerne profesjonsrammeplanane var at profesjonsutøvaren vart for opptatt av eige fagområde og at tverrfagleg samarbeid vart gjort vanskeleg. Målet med ein felles innhaldsdel er å leggje til rette for at alle helse- og sosialfaglege profesjonsutdanningar har ein felles kompetanseplattform som skal danne grunnlaget for tverrfagleg samarbeid. Felles læringsutbytte bør sikre at alle framtidige kandidatar har kompetanse på tverrprofesjonelt samarbeid.
Etter vår oppfatning manglar forskrifta eit internasjonalt perspektiv. Når det gjeld læringsutbytta bør også desse få eit større preg av eit globaliserings- og integrasjonsperspektiv. Vidare bør læringsutbytta sikre at vi utdannar kandidatar som kan bidra til god folkehelse og inkludering i arbeidslivet for brukarar av helse- og sosialtenestene både fysisk, mentalt og andeleg.
HVL etterlyser synspunkt på kva som vil skje med rammeplanar for vidareutdanningar som f.eks. jordmor, og korleis desse vert innplassert i dette nye systemet.

§3 Praksisstudier
HVL er i hovudsak godt nøgd med dette punktet. I prosjektet «Kvalitet og relevans i praksisstudier» var eitt forslag til tiltak å utarbeide felles mal for samarbeidsavtaler med praksisfeltet. Vi ønskjer å få på plass ein slik mal, i tillegg til kvalitetsindikatorar for praksisstudier.
HVL foreslår at omgrepet praksisinstitusjon vert nytta i staden for praksisstad i heile forskrifta. Det vil forankre samarbeidsavtalar på høgste leiarnivå i institusjonar med mange praksisstader. I forskrifta står det at utdanningsinstitusjonane skal ha ansvar for at studentane møter kunnskapsbaserte tenester på praksisstaden. Vi meiner at dette ansvaret ikkje kan ligge på utdanningsinstitusjonen aleine, og det bør vere ei formulering i forskrifta knytt til samhandling mellom utdanningsinstitusjonen og praksisfeltet når det gjeld forskings- og utviklingsarbeid.
I forskrifta vert det foreslått at praksisstaden har ansvar for den daglege rettleiinga og oppfølginga av studentane, og skal sørge for at praksisrettleiar normalt er av same profesjon om den som dei skal rettleie. Vi kunne ønske at forskrifta hadde klarare føringar på rettleiingskompetansen som kan krevjast av rettleiarar i praksis. Det er viktig at det er samsvar mellom forventningar til praksisstaden og ressursar når det vert stilt auka krav til praksisstaden.

§4 Nasjonale retningslinjer
Vi sluttar oss til at Kunnskapsdepartementet nyttar dei aktuelle profesjonsråda til å etablere programgrupper for de respektive utdanningane, og viser til kommentarane våre vedrørande styringssystemet. Det er viktig av det er god dialog mellom Kunnskapsdepartementet og Helse- og omsorgsdepartementet i dette arbeidet.
Dei nasjonale retningslinjene skal gjelde for den einskilde utdanning. Retningslinjene bør også ta omsyn til regionale og lokale variasjonar når det gjeld spesialist – og kommunehelsetenestene. Vi ser det som svært naudsynt at retningslinjene blir utforma på ein slik måte at ein sikrar tilstrekkeleg handlingsrom og eigenart ved dei einskilde utdanningane.
Berit Rokne Kari Thorsen
Rektor Avdelingsleiar
Dokumentet er elektronisk godkjent og har derfor ingen håndskreven signatur.