Uttale til høyring Forenkling av regelverket for kommunevåpen og -flagg Dato: 28.02.2017 Svartype: Med merknad Fitjar kommune meiner fastsetjing av kommunen sitt våpen og –flagg må vera ein sjølvsagt del av det kommunale sjølvstyret, og støttar difor framlegget om at vedtakskompetansen for kommunevåpen og –flagg skal leggjast til kommunen. Fitjar kommune sitt kommunevåpen er ikkje godkjent sentralt, og kommunen har etter lov om flagging på kommunen sine offentlege bygg ikkje høve til å nytta våpenet i flagg. Dette er eit tydeleg brot på det lokale sjølvstyret, og Fitjar kommune støttar difor opphevinga av lova. Ved å oppheva lova vil kommunane sjølv vurdera kva flagg som kan nyttast ved kommunane sine offentlege bygg. Norske kommunar vil ikkje opna for bruk av kontroversielle flagg ved offentlege bygg, utan at dette vil føra til sterk lokal kritikk. Opphevinga av lova vil difor ikkje føra til upassande flagging. Fitjar kommune meiner at endringa i vedtaksfullmakt kan venta til ny kommunelov i 2019, men ønskjer at lov om flagging på kommunens offentlege bygg blir oppheva no. Kommunal- og distriktsdepartementet Til høringen Til toppen <div class="page-survey" data-page-survey="133" data-page-survey-api="/api/survey/SubmitPageSurveyAnswer" data-text-hidden-title="Tilbakemeldingsskjema" data-text-question="Fant du det du lette etter?"