🏠 Forside § Lover 📜 Forskrifter 💼 Bransjeforskrifter 📰 Lovtidend 🏛 Stortingsvoteringer Domstoler 🇪🇺 EU/EØS 📄 Siste endringer 📚 Rettsomrader 📊 Statistikk 🔍 Avansert sok Hjelp
Hjem / Horinger / Horing / Horingssvar
Regjeringen Med merknad
Til horingen: Høring - Forenkling av regelverket for kommunevåpen og kommuneflagg

Tysnes kommune

Departement: Familiedepartementet 5 seksjoner

 - 

Sakshandsamar:   Steinar Dalland

SAKSUTGREIING:

Kommunal og moderniseringsdepartemetet fremja gjennom sitt skriv dagsett 14. desember 2016 høyringsnotet om forenkling av regelverk for kommunevåpen og kommuneflagg.

Høyringsnotatet er enkelt og oversikteleg og gjer ei god skildring av føremålet med endringa, historikk og vurdering av dagens praksis.

Bakteppet for framlegget er at kommunereforma vil føra til fleire saker knytt til godkjenning av kommunevåpen. For Tysnes kommune er saka interessant då me no kan sjå ei løysing for fomell godkjenning av vårt eige kommunevåpen!

I høyringsnotatet vert det slått fast at kommunane har ein grunnleggjanderett til å styra seg sjølv. Det kommunale sjølvstyre vart, som kjent,  grunnlovsfesta i 2016 og inneber at over­styring av kommunale vedtak må vera heimla i lov.

Den ordninga som i dag gjeld for godkjenning av kommunevåpen er ikkje heimla i lov, men lov om flagging på kommunen sine offentlege bygg slår fast at kommunen berre kan nytta det norske flagget, det samiske flagget og «kommune- eller fylkesflagg som er godkjent av Kongen.»

Tysnes kommune har ikkje på noverande tidspunkt eit godkjent kommunevåpen. Det ligg ikkje føre noko forbod om å nytta kommunevåpen utan godkjenning frå Kongen, men kommunen kan då  ikkje nytta flagg med kommunevåpenet på kommunen sine offentlege bygningar.

I framlegget fastslår deperatementet at omsynet til det kommunale sjølvstyre tilseier at kom­munen sjølv må ha kompetanse til å fastsetja sitt kommunevåpen. Kompetansen må då leggjast til kommunestyre utan høve til å delegera mynde i slike saker.

For å medverka til ein levande kommunal heraldikk føreslår departementet at ålmenta skal ha god tilgang til informasjon om utforming og bakgrunn for kommunevåpenet. Det bør difor fastsetjast ei plikt gjennom kommunelova om at kommunen skal senda endeleg fastsett kom­munevåpen til Arkivverket.

Sjølv om kommunevåpen vert vedteke av kommunestyre vil det også i forsetjinga reknast som ein «offentleg våpen» og såleis vera omfatta av vern gjennom straffelova, varemerkelova og designlova.

Det vert i notatet drøfta tiltak og innretningar som skal hindra at eit kommunevåppen kan for­vekslast med eit anna. Departemetentet viser til at det er i kommunane si eigeninteresse å ut­vikla våpen som er unike. Det vert gjort framlegg om å fastsetja ei vedtekt som ivaretar dette i kommunelova. I situasjonar der to kommunar har fastsett våpen som kan forvekslast vil tids­punkt for vedtak vera avgjerande. Det har vore hevda at Tysnes kommune har eit våpen som kan forvekslast med Hordaland Fylkeskommune sitt våpen, etter rådmannen si vurdering kan ikkje desse våpna forvekslast såframt ein ikkje er både fargeblind og særs svaksynt.

Lov om flagging frå 1933 var ein reaksjon på politiske markeringar som kom til uttrykk i form av flagging på kommunale bygg. Departementet legg til grunn at kommunane sjølv er i stand til å leggja til rette for ein god og verdig bruk av flagg, kommunane kan gjennom eigne regle­ment og retningsliner også leggja til rette for ein restriktiv praksis.

Det vert lagt opp til at lovendringa logisk vert gjort samstundes med ny kommunelov, i praksis i samband med kommunevalet i 2019.

 

Tysnes kommune sluttar seg fullt ut til  departementet slitt framlegg slik dei går fram av høy­ringsnotatet.

 

I samsvar med innstilling.

 

I samsvar med framlegg frå formannskapet.