🏠 Forside § Lover 📜 Forskrifter 💼 Bransjeforskrifter 📰 Lovtidend 🏛 Stortingsvoteringer Domstoler 🇪🇺 EU/EØS 📄 Siste endringer 📚 Rettsomrader 📊 Statistikk 🔍 Avansert sok Hjelp
Hjem / Horinger / Horing / Horingssvar
Regjeringen Med merknad
Til horingen: Høring - forslag om innsyns-, klage- og søksmålsrett for kommunene i skattesaker...

Masfjorden kommune

Departement: Finansdepartementet
Høyringsuttale på høyringa om innsyns-, klage- og søksmålsrett for kommunen i skattesaker om verdsetting av kraftanlegg Dato: 10.03.2017 Svartype: Med merknad   Viser til Finansdepartementet sitt høyringsbrev med høyringsnotat datert 8.12.16.  Masfjorden kommune er generelt sett nøgd med dei forslag til lovendring som vert skissert i høyringsnotatet. Det er viktig at innsynsretten for kommunane vert utvida, at kommunane får klagerett og at søksmålretten ikkje vert innskrenka i skattesaker.   Kommunane må ved innsynsrett få høve til å kunne utføre ein reell kontroll av eigedomsskattegrunnlaget for kraftanlegg. Opplysningar om grunnrenteskatten må omfattast av innsynsretten, når opplysningane er av betyding for eigedomsskatten.  Klageretten over verdsetting av kraftanlegg må også gjelde fastsetting av grunnrenteinntekt, så lenge klaga gjeld eigedomsskattegrunnlaget.  Kommunane må også få innsyns- og klagerett for fastsetting av naturressursskatten. Kommunane er mottaker av naturressursskatten, og det er ingen grunn til at innsyns- og klageretten då skal avgrensast til eigedomsskatten.  Klagefristen bør utvidast frå tre månader til seks månader.  I klagesaker må også kommunen varslast og få anledning til å uttale seg.  Kommunen må varslast ved søksmål frå den skattepliktige. Masfjorden kommune sluttar seg til høyringsuttale frå Landssamanslutninga for vasskraftkommunar (LVK) som gjeld innsyns-, klage- og søksmålsrett for kommunen i skattesaker om verdsetjing av kraftanlegg. Finansdepartementet Til høringen Til toppen <div class="page-survey" data-page-survey="133" data-page-survey-api="/api/survey/SubmitPageSurveyAnswer" data-text-hidden-title="Tilbakemeldingsskjema" data-text-question="Fant du det du lette etter?"