Dato: 31.10.2025 Svartype: Med merknad Argument for å halde Litlos og Hellevass opne: Litlos ligg i eit område med stor fjelloppleving: «Hytta som ligg lengst frå veg i Nord-Europa». Området er fiskerikt, har merka turmoglegheiter, og er svært attraktivt for turistar og lokale fjellfolk. Hellevassbu er ein del av det tradisjonelle rutenettet på Hardangervidda, og gjev mange tilgong til fjellet og naturen. Hytta har relativt liten kapasitet (24 sengeplassar), og påverknaden er difor handterbar. Det er viktig å bevare turisthyttene på Hardangervidda. Desse er ein del av kulturen til bygdene rundt Hardangervidda. Ved å ha opne hytter bidreg ein til at folk får gode og trygge opplevingar i villreinområdet – som igjen kan auke forståinga og respekten for villreinen sine leveområde. Hyttene fungerer som base for formidling av natur- og villrein-verdiar, og kan på denne måten nyttast som verktøy for bevisst ferdsle og ansvarleg bruk av vidda. Med hyttedrift kan ein leie ferdsle til bestemte ruter og områder, og dermed bidra til å redusere spreidt, uforutsigbar ferdsle som er meir skadeleg for villreinen. Opne hytter registrerer besøkande, og ein kan dermed få betre oversikt over antall turistar, kor dei kjem i frå, og kor dei går vidare, og i framtida; effekten av stitiltak som vert sett i verk. Hyttene har ei sentral rolle i lokal og regional verdiskaping. For friluftsliv- og naturinteresserte er desse hyttene viktige rekrutteringsarenaer – for ungdom, familiar og nye fjellbrukarar. Dersom hyttene vert stengd, mister ein lågterskeltilboda i fjella. Å bevare desse hyttene kan bidra til at fleire får tilknyting til, og kunnskap om fjellet, som igjen kan bidra til betre villreinforvaltning på lang sikt. Begge hyttene er under Den Norske Turistforening (DNT), som vil sei at det finst allereie ein organisasjon som stiller tydelege krav til ferdsle, informasjon og ansvar for naturen. Alternativ til stengning – regulert drift framfor total stengning Det er betre å ha hyttene opne under regulerte forhold (f.eks sesongbegrensning, ferdslereglar) enn full stans, fordi ein då har betre moglegheit til å balansere villreinhensyn og friluftsliv. Løyver skal sjølvsagt delast ut etter grunngivne søknadar, og slett ikkje misbrukast. Begrense bruk i kritiske perioder (kalving, vårtrekk), eller på bestemte stiar, heller enn å stenge heilt. Dette gjev ei fleksibel løysing som ivaretek fleire interesser på same tid – naturvern og friluftsliv. Steng Litlos betjent/sjølvbetjent og Hellevass i perioden 15.april - 1.juli. Dei åra påsken er seinare enn 15.april; stenger hyttene 2. påskedag. Informasjon til brukarar bør vere tydeleg: korleis oppføre seg, kva ein bør unngå, av omsyn til villrein. Samarbeid mellom villreinforvaltninga og hyttene, og at hyttene inngår i ein heilheitleg forvaltningsplan for området. Oppsummert så er oppmodinga vår å la hyttene som står per i dag bli ståande. Tiltakspakken som den er no ofrar neste generasjon brukarar sine lokale rettar, basert på mistankar om negativ innverknad på reinen. Så store tiltak oppmodar vi på det sterkaste skal grunngjevast i fakta, og ikkje synsing. Auk villreinbestanden opp på eit bærekraftig nivå, og vil vi få sjå at meir dyr nyttar meir areal. La reinen få fred frå merking, overvåking og det enorme jaktpresset, kvota må ned på eit normalt nivå. Legg til rette for nye generasjonar med brukarar. Hald motorferdsle på eit fornuftig nivå. Vidda har mange ulike lokale tilhøve; forvalt lokalt. Då er vi godt på veg til å ta vare på, og verna om villreinen! Mvh Solveig Borge, Odda Sunniva Haustveit, Grimo Liva Sandvin Vangen, Odda Anny Selsvik Rykken, Norheimsund Brita Buer, Odda Gina Buer, Odda Torhild Aakra Indahl, Etne Hedda Espe, Espe Klima- og miljødepartementet Til høringen Til toppen <div class="page-survey" data-page-survey="133" data-page-survey-api="/api/survey/SubmitPageSurveyAnswer" data-text-hidden-title="Tilbakemeldingsskjema" data-text-question="Fant du det du lette etter?"