Dato: 20.10.2025 Svartype: Med merknad Eg viser til høyring om forslag til tiltaksplaner etter kvalitetsnormen for villrein i Setesdal Austhei villreinområde. Som grunneigar på Austheia vil eg med dette utrykke STERK MOTSTAND MOT DEI FORESLÅTTE TILTAK , spesielt når det gjelder ferdeselrestriksjoner og inngrep i privat eigendomsrett. Fleire av desse forslaga innebærer alvorlege og uforholdsmessige inngrep i grunneigers råderett over eigen eigendom. Eg sliter verkeleg med å akseptere at staten gjennom overordnede planer skal redusere/forringe eigendomens verdi og bruksområde på ein slik måte som mange av tiltaka beskriv. I tillegg forsøker dere å få dette til å fremstå som frivillig. Dette uten nokon form for kompensasjon, intet annet en forklasteleg fremferd! Forslaget legger opp til betydelege begrensninger i ferdesel i store delar av austheia. Kor er det faglege grunnlaget som heile tida blir preka om på møtene? For meg som bur her og kjenner kor skoen trykker, så kjenner eg på stor frustrasjon når det kjem byfolk og forklarer korleis ein skal te seg på landsbygda. Desse tiltaka fremstår for meg som total mangel på respekt for lokal forvaltning. Noko ein ser, det bekreftes og mellom kommunene og den overkjøyringa staten opererer med på mange områder. Eg stiller og spørsmål til kunnskapsgrunnlaget med at det var tamrein på Austheia, for ca 40 år sia og at dette no er blitt villrein.. Samtidig dokumenterer dere at Setesdal austhei aldri vil bli grønt område då det ikkje er nok lav til at villrein vil kunne ha tilfredsstillende beite.. Dette er sjølvmotsigende! Eg stør målet om å ta vare på villreinen som art, men tiltakene må vere retta på ein heilt annan måte. Ein må fyrst og fremst begrense turist trafikk då i Setesdal Vesthei, der reinen naturleg er, og som dei siste 10 åra eksplodert med turisme i tilknytning til stiar og turisthytter(DNT). Med helsing Stein, Føreland Straume, Grunneigar Straume Gnr 69/ bnr. 1. 4748 Rysstad Klima- og miljødepartementet Til høringen Til toppen